v/Smittevernlege Rolf Martin Tande - Publisert 5.05.09
Kommuneoverlegane /smittevernlegane i Nordhordland har i dag hatt møte knytt til vår beredskap vedkomande svineinfluensa. Me vil følgje dei råd som Folkehelseinstituttet gir, og desse vil ein no finne på nettsida om pandemisk influensa(så under). Elles følgjer me dei smittevern – og pandemiplanar som gjeld,og meiner me har ein god beredskap i regionen.
Dersom du trur du kan ha svineinfluensa, skal du ta kontakt med legekontoret eller legevakta på telefon. Du vil då få råd om kva du skal gjere.Om du kan vere smitta av svineinfluensa vil legekontoret/legevakta gjere avtale kor du skal møte for nærare undersøking og prøvetaking.
Folkehelseinstituttet si samleside om svineinfluensa.
Styresmaktene si nettside om pandemisk influensa.
Vernetiltak mot svineinfluensa (pdf)
Verdens helseorganisasjon (WHO) vedtok onsdag kveld å erklære fase 5 i pandemiutvikling. Sjukdomsbiletet ved svineinfluensa liknar ein vanleg vinterinfluensa, men kjem på eit anna tidspunkt av året. Rutinane for å unngå smitte er difor som ved ein vanleg influensa.
Svineinfluensa er enda ikkje definert som allmennfarleg smittsam sjukdom. Det er nasjonale styresmakter aleine som bestemmer kva tiltak som skal setjast i verk i kommunane og i spesialisthelsetenesta. Kommunane skal difor følgje med på informasjon derifrå.
Behandling av svineinfluensa med antivirale legemiddel (Tamiflu) skal berre brukast til dei som er sjuke og dei som på grunn av nedsett allmenltilstand og -immunforsvar treng dette etter vurdering av lege.
All informasjon til befolkninga må vere i samsvar med nasjonale retningslinjer. Dei ligg på www.fhi.no (Folkehelseinstituttet).
Frå neste veke vil all informasjon bli samla på www.pandemi.no
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) hjelper Helsedirektoratet med å koordinere råd og bistand til beredskapsplanlegging. Ta difor kontakt med DSB på telefon 995 68 500 dersom det er noko de ønskjer hjelp til i planarbeidet.
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen