MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 07.07.09 -

Kunngjering av planvedtak - Kommunedelplan for Stordalen 2008-2019

Publisert 16.04.09

 

Arealplankart - oversiktsbileteKommunedelplan for Stordalen 2008-2019 vart vedteken i:

 

- Høyanger kommunestyre den 16.12.2008 i sak 08/85
- Masfjorden kommunestyre den 03.02.2009 i sak 005/09

- Fylkesmannen i Hordaland trekte si motsegn mot kommunedelplanen den 02.04.2009

 

Kommunedelplanen er utarbeidd i eit samarbeid mellom Høyanger og Masfjorden kommunar og er ein del av kommuneplanane sine arealdelar, jf. PBL § 20 4-6. Innan planområdet fastlegg planen arealbruken på oversiktsnivå. Planen består av eit juridisk bindande plankart og ein tekstdel med juridisk bindande føresegner, samt retningslinjer.

 

Planen er tilgjengeleg hjå Høyanger kommune, Masfjorden kommune, biblioteka, Stordalen fjellstove, samt på kommunane sine nettsider. Plandokumentet kan lesast på kommunen sitt kommunale planarkiv: http://braplan.geoweb.no/braplan

 

Kommunestyra sine vedtak kan ikkje påklagast og er endeleg med atterhald om 3 månaders frist etter oversending for MD til å gjere endringar i planen ut frå nasjonale interesser. Ta gjerne kontakt med kommunane (Høyanger kommune 57 71 15 00 / Masfjorden kommune 56 16 62 00) for ytterlegare informasjon vedkomande planen.

 

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen