MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 19.11.09 -

Spenstig start på sommarscena

Publisert 22.06.09

 

Duoen LARELI , beståande av Sigrid Moldestad, feler og song, og Gabriel Fliflet, trekkspel og song

Søndag 21. juni vart fyrste konserten i rekkja av sommarkonsertar på Sandnes halden. Utøvarar var duoen LARELI , beståande av Sigrid Moldestad, feler og song, og Gabriel Fliflet, trekkspel og song.

 

Det vart ei hyggeleg kveldsstund med musikk frå Fana og Fjordane, frå Sunnmøre og Salhus, frå Shetland og Russland. Mykje var eldre tradisjons-
musikk, men konserten inneheldt også nyare musikk med tydeleg tilknytning til tradisjonsmusikken og populærmusikken. Felles for all musikken var at han vart framført med stor speleglede og virtuositet.

 

Begge musikarane gav tydeleg uttrykk for at dei trivdest på scenen saman, og publikum ga like tydeleg uttrykk for at det trivdest  saman med dei.

 

Alt i alt var dette ei flott innleiing av konsertrekkja. Måtte berre fleire få med seg dei øvrige konsertane.

 

Foto: Duoen LARELI , beståande av Sigrid Moldestad, feler og song, og Gabriel Fliflet, trekkspel og song

 

 

 

Tekst og bilete : Rune Garmann

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen