Publisert 24.06.09
For bilettekst, sjå musepeikaren:

Skulekorpsa i kommunen har delteke i NM for skulekorps brass i Stavanger i helga og oppnådde flotte resultat. Sandnes skulemusikk oppnådde 91 poeng og ein andreplass i 2. divisjon og Dalsøyra og Nordbygda skulekorps fekk 93 poeng og ein tredjeplass i 3. divisjon. Begge korpsa blir dirigert av Camilla Søderstrøm Tveit.
For Dalsøyra og Nordbygda skulekorps var dette siste konsert og opptreden med Camilla som dirigent. Det er med litt vemod vi no takkar for flotte år med ein framifrå motivator, inspirator og musikalsk forbilde. Camilla har dirigert Dalsøyra i 7 år og har vore med på samarbeidsprosjektet Dalsøyra og Nordbygda skulekorps i 4 år. Dette siste året har vore ein veldig god sesong der korpset forutan tredje plass i NM også har førsteplass frå Sotrafestivalen (3. divisjon) og tredjeplass frå Hordablæsten (3. divisjon).
Korpset tar no ferie før ny sesong med ny dirigent - Lisbeth Sommerstad frå Stavanger, og med 12 nye aspirantar på plass.
Korpset takkar nærmiljøet for god støtte gjennom sesongen, og ikkje minst verksemdene Wergeland-Halsvik og Johny Birkeland AS for økonomisk støtte ved kjøp av nye korpsgensarar.

På vegne av Dalsøyra og Nordbygda skulekorps
Tekst og foto: Vibeke Prestmo Valestrand
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen