Publisert 6.01.09
Om lag 50 ungdommar fann vegen til romjulstreffet på Møteplassen kafe måndag 29.12. Det er det høgste frammøte som nokon gong har vore i dei åra kommunen har invitert ungdommane til slike samkomer i romjula.
Dei frammøtte fekk oppleva standup-komikaren Vidar Hodnekvam, fekk snakka med rådmann, ordførar og leiar i Masfjorden Næringsforum og ikkje minst treffa andre ungdommar som og var heime på juleferie.
Dei unge stilte spørsmål om samferdsle både internt i kommunen og ut av kommunen. Både ferjefrekvens og vegstandard er ting som opptek dei. Dessutan var dei opptekne av utvikling i dei små grendesamfunna. Korleis stiller kommunen seg til bygging på strøtomter? Fleire var og interesserte i å vita om kommunen kunne hjelpa til med å få i stand felleskontor for dei som har eit arbeid der det går an å jobba heimanfrå.
Kommunen spanderte brus og pizza og stemninga var upåklageleg.
Tekst: Alf M. Strand
Foto: Avisa Nordhordland
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen