MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 07.07.09 -

Rekordstor påmelding til kulturskulen

Publisert 21.04.09

 

Vigdis og Marte frå gruppa VIMS på UKM 2009Det er søkt om 180 elevplassar i kulturskulen for komande år. Dette er det høgste søkjartalet nokon gong og nærare 40 elevar meir enn i noverande skuleår. 111 er elevar i kulturskulen frå før og 69 er nye søkjarar. 34 elevar sluttar eller avsluttar sine kurs.

 

Ein del elevar har søkt fleire kurs. Ettersom kulturskulen ikkje har ressursar til å innfri alle søknadane, vil ein så langt det let seg gjera arbeida for at alle som har søkt får i alle fall eitt kurstilbod.

 

Framover våren vil det bli arbeidd med å skaffa og fordela lærekrefter. Elevane vil få melding om oppstart i byrjinga av august.

 

 

 

 

 

Tekst: Frank Kvinge

Foto: Anita Soltveit

 

 

 

 

 

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen