Publisert 5.05.09
I medhald av plan og bygningslova (pbl) 27-2 har Masfjorden kommune i sak 006/09 den 03.02.2009 vedteke reguleringsplan for Matre. Fylkesmannen i Hordland har i brev dagsett 04.05.2009 gitt melding om at slik planen no er vedteken, har kommunen imøtekome motsegna.
Plandokumenta kan lesast på kommunehuset eller på kommunen sitt kommunale planarkiv (http://braplan.geoweb.no/braplan) der planen har ID 126620060003.
Etter §§ 27-3 og 15 i pbl og kapittel IV i forvaltningslova, er det høve til å klage på dette vedtaket. Klagen skal sendast til Masfjorden kommune (post@masfjorden.kommune.no) og må vere sendt innan 01.06.2009
Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samsvar med §§ 32 og 42 i pbl må setjast fram innan 3 år frå denne kunngjeringa av vedtaket. Eventuelle krav må setjast fram skriftleg for Masfjorden kommune.
Tekst: Anne Kristin Rafoss
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen