MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 07.07.09 -

Spennande prosjekt på gang i oppvekstsektoren i Masfjorden!

Publisert 17.03.09

 

Elevar og barnehagebarn på besøk i Indre Masfjorden barnehage

Foto: Elevar og barnehagebarn på besøk i Indre Masfjorden barnehage

 

Hausten 2008 starta eit toårig prosjekt i alle dei tre oppvekstområda i Masfjorden.
Prosjektet har fått namnet ”Tidleg tiltak – varig verknad”, og har m.a. som målsetjing å skape betre samanheng i opplæringsløpet til barna, frå dei går i barnehagen og vidare oppover på småskuletrinnet. Dette er også ei nasjonal satsing, som alle barnehagar og skular må jobbe med. Men i Masfjorden har ein altså over ein toårsperiode fått  ekstra midlar til å satse spesielt på dette feltet, slik at personale i barnehage og skule får sett av tid til samarbeid og planlegging.

 

Å sørgje for god stimulering til læring og sette inn litt ekstra ressursar blant dei yngste barna, har vist seg å kunne førebyggje problem seinare i skuleløpet. I dette arbeidet er det og viktig å samarbeide med andre instansar som har med barna å gjere. Slik er både helsesøster, kommunefysioterapeut og PPT knytta til prosjektet. Frå Norsk Lærarakademi i Åsane hentar ein fagleg støtte og rettleiing. Sist, men ikkje minst: Eit tett foreldresamarbeid gir den beste føresetnaden for å lykkast i arbeidet med den oppveksande slekt.

 

Nokre av dei tiltaka som er sette i verk, er felles for alle tre oppvekstområda, men der er og stor fridom til å velje ulike tiltak innanfor den same målsettinga.

 

Av tiltak som er felles, kan ein nemne skrivedansen. Dette er eit sansemotrisk treningsopplegg til musikk som går ut på å stimulere og trene grovmotorikken som ei førebuing til å kunne beherske m.a. skrivekunsten. Barna synest dette er svært gøy og spennande, og dei som arbeider med det, ser store framsteg på barna si evne til å kontrollere og planleggje kroppsrørsler. Dette er det 5-åringane som har fått glede av så langt, men det ligg føre planar om å vidareføre metoden til 1./2. klasse.

 

Det som elles er felles, er at dei eldste barna i barnehagen og dei yngste i skulen har fleire treffpunkt og samarbeidstiltak gjennom året. Dette er eit samarbeid som skal gå begge vegar, dvs. at dei yngste elevane også skal besøkje barnehagen og vere med på aktivitetar der. Det er ikkje 5-åringane som skal bli gjort til skuleelevar medan dei framleis går i barnehagen, men ein legg stor vekt på å skape ein god overgang mellom institusjonane. Av det som har skjedd så langt, kan nemnast:

 

Vinterfest i akebakken ved Sandnes skuleIndre Masfjorden oppvekstområde: Her har 5-åringane hatt felles utedag med 1.- 4. klasse, 5-åringane har vore inviterte gjester på teaterframsyning på skulen, og eldre elevar har hatt lesestunder for 5-åringane.

 

Nordbygda oppvekstområde: 5 –åringane har her og vore på besøk i skulen og hatt felles-aktivitetar med 1. klassingane. Etter jul har dei og hatt nokre felles utedagar med 1.-3. klasse. Stor stas for begge partar var det den dagen då dei 9 gutane i 6. klasse fekk tildelt kvart sitt fadderbarn av 9 komande førsteklassingar. Her var det med ein gang mykje god kontakt og omsorg å observere!

 

Sørsida oppvekstområde: Her har vore mange ulike fellestiltak, som:  Arbeids- og leikeøkter i skule og i barnehage, m.a. juleverkstad, felles teatertur til Bergen, felles Lucia-feiring m.m.

 

Foto: Vinterfest i akebakken ved Sandnes skule

 

 

 

Tekst: Berit Lygre
Foto: Åshild Taule (øvst) og Inger Amundsen Sleire

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen