MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 19.11.09 -

Eit stort hopp for Matre og Masfjorden!

Publisert 24.06.09

 

Grøn Næringspark, Matre er det fyrste synlege resultatet av delprosjektet Lokalsamfunnsutvikling Matre, i kommunen si storsatsing Lokalsamfunnsutvikling Masfjorden. Næringsområdet på Matre er utan tvil kommunen sitt viktigaste og mest sentrale næringsområde og ein opprensking og ”forskjønning” av området var no heilt naudsynt. Dette er viktig for å auke attraktiviteten og appellen området kan ha på næringslivet og på nyetableringar. Den nordligaste delen av parken er meint å vere av permanent karakter, mens det er ledige næringstomtar for sal i området frå sykkelbanen og mot BKK. Å oppretta parken slik den etter kvart vil framstå, kan forhåpentlegvis bidra til fleire arbeidsplassar og på den måten bidra til ei mulig auke i folketalet i kommunen.


Ein av ungdomane prøver sykkelbana("dirtbike") Arbeidet med Grøn næringspark, Matre har vore eit intensivt arbeid med særs mange involverte partar. Det har vore stor innsats frå frivillige som har stått på, ungdomsskuleelevar, sommarvikarar, lokalt næringsliv og tilsette i kommunen. Undervegs har det vore ein formidabel innsats og velvilje frå entreprenørane og anleggsgartnaren Lena Torslett. Særleg har Helge Birkeland og co stilt opp seint og tidleg og Svein Andvik har stilt maskina si til disposisjon dei dagane han sjølv ikkje kunne vere til stades. Prosjektet har vore heilt avhengige av desse aktørane for å kunne verte realisert.

 

Arbeidet med næringsparken vart for ein stor del ferdigstilt førre veke, då ein fekk planert ferdig terrenget, tilkjørt og planert ut jord, planta, lagt på duk og bark, satt opp gjere av pil, rydda kratt, ferdigstilt sykkelbanen, lagt til grusgangar, sådd, starta arbeidet med fundamentet for buldresteinen, etc.

 

BKK Nett ønskte å legge ned ein ny høgspentleidning dei har planlagt i området, samstundes som arbeidet med parken er i gang. Dette medfører på sikt, at ei av dei luftgåande linjene vert teke bort. Arbeidet med den nye kabelen vert ferdig denne veka, samstundes som det vert lagt ned og montert vassuttak ved den planlagde grillplassen i parken. Når kabelgrøfta er klar kan parken og verte ferdigstilt i dette området. Det vert difor behov for hjelp frå frivillige nokre timar mot slutten av veka. Kontakt Frode Langhelle mob.91821297 for meir informasjon.

 

Skrot og restavfall frå dei gamle massane vert og teke hand om denne veka.

 

Den store buldresteinen kjem på plass i god tid før Kraftspela 2009 og vert formelt avduka då.

 

For å sjå bilete frå arbeidet med Grøn Næringspark Matre:
http://picasaweb.google.no/bergdyr

 

Bakgrunn for prosjektet

 

Andre sine kommentarar til prosjektet: http://masfjordprat.blogspot.com/

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen