MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 19.11.09 -

Pilotprosjektet Lokalsamfunnsutvikling  Masfjorden
- Ekstrem ”Makeover”, Grøn næringspark, Matre

Publisert 12.06.09

 

Her finn du foreløpig vekeplan/dugnadsbehov

 

Sjå arbeidskisse i fullformat:

Last ned bilete av arbeidsskissa

 

Lokalsamfunnsutvikling Matre er eit av delprosjekta i pilotprosjektet Lokalsamfunnsutvikling Masfjorden. Tanken er at ein skal få til ei utvikling av Matre til beste for heile kommunen. Det vert satsa på ei utvikling som skal vere berekraftig, livskraftig og helhetlig.

 

Det har frå den politiske styringsgruppa for pilotprosjektet og for arbeidsgruppa for delprosjektet vært stort fokus på medverknad gjennom tema-, folke- og samarbeidsmøter med ulike aktørar som til dømes innbyggjarar, næringsliv, barn/ unge, lag/organisasjonar etc.

 

Det har blitt utforma ein ny reguleringsplan for Matre, gyldig frå 01.06.2009 og det har blitt utforma ein konkret handlingsplan for delprosjektet.

 

28.05.09 ble det vedteke i kommunestyret at ein skulle sette i gang arbeidet med ”Grøn Næringspark, Matre”. Torsdag denne veka begynte arbeidet og det vil halda fram til vi er ferdige neste veke.

 

Det skal opprettast ein frodig park med rhododendron, furu, pil og røft markdekke grusstiar som bind parken i saman, det skal opprettast grillplass og pilepark, dirtjump sykkelbane og det skal fundamenterast klart for ein buldrestein som kjem på plass til kraftspela 2009 i august.

 

Opprensking og oppussing av området i sandgrupa er naudsynt og særs påtrengande for at ein skal kunne tilby eit attraktivt næringsareal på Matre. Symboleffekten området har for kommunen som heile er og særs viktig da området ligg godt synlig frå E39. Slik sandgrupa fremstår i dag er ikkje god reklame for kommunen.

 

Arbeidet med næringsparken er inspirert av eit tilsvarande ekstremprosjekt gjennomført i Larvik kommune og fungerer etter mal frå ekstrem makeover på TV.
Det betyr:
- Kort tidsplan
- Mange involverte
- Enormt krav til detaljplanlegging og fleksibilitet

 

Fagekspertise vert nytta til alle tiltaka:
Grønstruktur - Blomsterkroken AS v/ Lena Torslett og Lise Dyrhovden når det gjelder piletrær.
Entreprenørarbeid - Helge Birkeland Maskin AS, Svein Andvik, Gunnar Trædal
Elektrisitet - BKKNett
Overflatevann - Asplan Viak AS
Etablering av sykkelbane/ buldrestein Norgeseliten i dirt jump bane og Berg Fritid AS med kontakt med klatremiljøet i Bergen

 

Bruk av stadeigne kvalitetar og kopling av aktivitetar i området

Området i sandtaket er og innfartsporten til Matresdalen og Stordalen med alt som skjer av positive aktivitetar for heile kommunen i dette området. Her kan mellom anna nemnas Stordalen skisenter, Stordalen fjellstove, dei nye hytteområda og ikkje minst hotellet som er under planlegging. Foruten å vere eit perfekt utgangspunkt for friluftsliv kan området sommarstid lokka med aktiviteter innan juvvandring, kjempe jettegryter, rappellering, fjellturar, bruk av kajakk/ kano etc. Vinterstid omfattar aktivitetstilbodet toppturar, kurs i snø og skredlære, kart, kompass og GPS. Det har i den seinare tid også vist seg at Matresdalen er lokalitet for eit av Noregs beste buldrefelt. Et område som flittig vert besøkt av klatremiljø i Bergen, men og av internasjonale klatrarar. Det kommer mellom anna kanskje eit amerikansk filmteam med noen av verdstoppane i buldring til Matresdalen i løpet av våren. Ein buldrestein plassert i Grøn Næringspark, Matre vil dermed kunne nyttast til fleire føremål. Den kan fungera som eit utmerka symbol på og landemerke for den aktivitet og posisjon Matresdalen har som klatrelokalitet og mulig ekstremsport, den kan heilt enkelt nyttast som aktivitetsobjekt for tilfeldig forbipasserande og ikkje minst for lokale aktørar som skulen, idrettslaget og for barn, unge og vaksne på fritida. I samband med Kraftspela og liknande aktivitetar kan ein og arrangere show og kurs i buldring. Bildet under syner eit eksempel på ein buldrestein ikkje veldig ulik den ein ser føre seg på Matre.

 

Eksempel på buldrestein

I del ein av skissa frå Asplan Viak AS er det som nemnt tatt med ein sykkelbane. Årsaka til dette er at det ved fleire anledningar på folkemøte tidleg i prosessen har kome fram ønskje om eit slikt anlegg. I møte med mellom anna elevane på skulen vart det klart at ei terrengbane for sykkel var noe av det dei ønskte mest. Dette er meir presist eit ”Dirt Jump anlegg”. Ein har også her kontakt med norgeseliten innen denne idretten. To av dei ti beste utøvarane i Norge ønskjer å lage anlegget i Grøn Næringspark Matre. Dei har allereie laga eit anlegg på Hafjell i samråd med Innovasjon Norge.

 

Totalt sett fins det per dags dato få gode anlegg i Norge og dei som er aktive i sporten ønskjer å nytte eit anlegg på Matre flittig. Dei ønskjer og å tilby minikurs og opplæring til lokal ungdom i Masfjorden  og andre for at dei skal kunne lære og nytta banen. Banen er tenkt tredelt med ulike vanskelegheitsgradar for at alle nivå kan nytta han.

 

Bileta under er henta frå aktivitet i liknande anlegg og internettlinken gjer tilgang til ein film som syner slik aktivitet i praksis. http://www.vimeo.com/1911283

 

Foto-eksempel på Jump anlegg (gif) - Foto-eksempel nr. 2 på Jump anlegg (gif)

 

 

 

Tekst og illustrasjon: Beate Mæsel

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen