MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 19.11.09 -

Litt av ein opptur!

Publisert 5.05.09

 

Hald musepeikar over bileta for tekst og klikk på bileta for større format.

Scene 1 – ungdomen forlet Masfjorden. Eit historisk attendeblikk : Dei fem fyrste masfjordingane.... ... song Rolling Stones så det durte, og etterlet seg kloke ord om samarbeid og framtidstru Håkon Fjordfresar med familie sytte for auka folketal.... .... i godt samarbeid med Brautulf og fylgjet hans
Langorv var ein av dei vonde vettene i stykket Langorv og Stuttorv prøvde å halde dei kloke orda unna masfjordingane Svartedauden sette sine tydelege spor i grendene langs fjorden Presten Torbjørn Frølich var ein ”bokens mann” Her er Frølich i prat med ein masfjordbonde som vil lage eit mønsterbruk
Oldebarnet til bonden held fram der gamlefar slapp Draumen er å verte ”større enn han far” Langorv og Stuttorv tek dei kloke orda med seg, og folket langs fjorden delar seg Kvart grendalag prøver å karre mest mogleg til seg sjølv Med moderne dans vert vi introduserte for situasjonen pr i dag – ”Status Ku”
Tiltrekkingskraftgeneratoren var ei eksotisk oppfinning Tiltrekte personar får eit nytt tilvære( med tomt ) i Masfjorden Ordførar, rådkvinna og oppmuntringsagenten vaiar med oppmuntringsvimpelen Ordførar, rådkvinna og assisterande rådmann fossror innover fjorden Grande finale – alle hjerter gleder seg!

 

Tiandeklassingane ved skulane i Masfjorden har i vinter arbeidd med å lage si eiga teaterframsyning, og onsdag 29. april var det premiere i Samfunnshuset på Risnes. ”Opptur” var namnet på framsyninga, og ein opptur var akkurat det publikum fekk.

 

Utgangspunktet var heller dystert – publikum fekk presentert ei problemstilling som er sørgeleg kjend for mange: Ungdomen reiser ut, og kjem ikkje attende. Dersom utviklinga slik vi har sett henne i dei siste 30 åra held fram, står kommunen i fåre for å verte avfolka. Men må det vere slik ? Kva kan gjerast for å stoppe ei slik utvikling ? Kva er gjort før, og kva kan gjerast no ?

 

I ”Opptur” prøvde ein å finne svaret – eller kan hende var svaret alt funne ? Første delen av framsyninga tok publikum med på eit lokalhistorisk attendeblikk. Vi vart kjende med dei fem fyrste masfjordingane. Det var ein steinalderfamilie som hadde slege seg ned i Matre. Dei la etter seg kloke visdomsord, hogne i stein. ”Samarbeid” var eitt av dei. ”Tru” var eit anna.

 

Det såg ut til at masfjordingane opplevde gode tider når dei levde etter desse orda. Men vonde makter, gestalta av figurane Langorv og Stuttorv, prøvde å øydeleggje for masfjordingane ved å stjele visdomsorda frå dei. Stundom lukkast dei i det, og då kunne ein sjå korleis folk i bygdene øydde krefter på å kivast med kvarandre.

 

Publikum vart også kjende med konkrete personar frå Masfjorden si historie. Mellom anna vart sokneprest Thorbjørn Frølich – eller ”Frølich’en” som han gjekk for på folkemunne –godt og livfullt presentert.

 

Det lokalhistoriske attendeblikket munna ut i eit morosamt og tankevekkjande situasjonsbilete frå notida, der publikum mellom anna fekk møte kjende lokalpolitiske aktørar, som ordførar, rådkvinne og assisterande rådmann. Tiltak for å betre folkesetnaden var eit hovudtema, og løysingane var fantasifulle. Bru over fjorden var i den samanhengen det minst eksotiske. Ein generator som framstilte tiltrekningskraft var meir original. Denne fungerte bra ei stund, til dess sabotasje frå Langorv og Stuttorv fekk store miljømessige konsekvensar.

 

Heldigvis løyste miljøproblema seg til det beste til slutt, ikkje minst takka vere resolutt handling frå ordføraren, som synte offervilje og evne til å setje ting på plass.

 

Det er ikkje fleire enn nitten tiandeklassingar i Masfjorden i år. På scenen framstod dei som langt fleire. Dei veksla mellom mange roller og uttrykk. Dei song, dansa og spelte teater, og ga til beste ei framsyning som det står stor respekt av. Respekten vert ikkje mindre når ein veit at dei også har vore med og utvikla manus til framsyninga, og at dei har delteke i arbeidet med kostyme, sminke og sceneutstyr.

 

Men dei har hatt gode hjelparar : Lærarar ved skulane har i nokre år delteke på kurs i regi av  KOM-prosjektet. KOM står for Kreativt OppvekstMiljø, og målet med kurset er å dyktiggjere lærarane til å kunne støtte og hjelpe elevane i ein kreativ arbeidsprosess. Det er tydeleg at lærarane har hatt godt utbyte av å vere med på dette – og at kompetansen dei har fått, har kome elevane sitt arbeid til gode.

 

I tillegg har ein fått god regihjelp av Ruth Mjanger, dramalærar ved lærarskulen på Breistein – og utflytta masfjording. Dessutan sytte elevar frå niande, åttande og sjuande klasse for velklingande musikalsk støtte.

 

Det var med andre ord mykje å gle seg over for dei frammøtte. Dei kvitterte med langvarig, ståande applaus – og det gjorde dei rett i!

 

 

 

Tekst og foto: Rune Garmann

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen