MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 07.07.09 -

Unge Masfjord-ambassadørar

Publisert 9.03.09

 

Marte Kvamme Andersen og Vigdis Andvik runda av med "You raise me up"Elevar og lærarar frå Masfjorden kulturskule sto for dei kulturelle innslaga under  Hordaland& Sogn og Fjordane bonde- og småbrukarlag sitt årsmøte på Alver hotell i helga.

 

Marita Midtbø Børnes og læraren hennar, Anne Merethe Reknes fekk æra av å opna med  Gopak, eit pianostykke for 20 fingrar, før leiar i Hordaland bonde- og småbrukarlag Jarle Helland ønskte velkommen til årsmøte. Deretter var det song innslag av Renate Sleire Holmaas, akkompagnert av Anette Thorsheim(torader) og Frank Kvinge (gitar) før Marte Kvamme Andersen og Vigdis Andvik runda av med sin versjon av You raise me up.

 

Renate Sleire Holmaas, akkompagnert av Anette Thorsheim(torader) og Frank Kvinge(gitar)Alle gjorde dei flotte framføringar, og etterpå var det mykje ros å høyra frå årsmøtedeltakarane. Ikkje tvil om at ungdomane er gode ambassadørar for heimkommunen sin!

 

Masfjordingane sette på fleire vis sitt preg på opningssekvensen. Masfjordordførar og regionrådsleiar Håkon Matre  ønskte velkomen til Nordhordland og gav ein kort presentasjon av noko av det som kjenneteikner regionen. Bjørn Egil Nordland frå Masfjorden bonde- og småbrukarlag  fekk gjennom tekst og bilete fram både eigenart og utfordringar knytt til det å driva gard i kommunen vår.

 

 

 

Tekst: Frank Kvinge

Foto:  Ellen Andvik

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen