Publisert 12.06.09

Torsdag 11. juni 2009 heldt Masfjorden kulturskule sin årlege avslutningskonsert – eller rettare: sine avslutningskonsertar. Av di det er så mange som skal i elden, var det laga til to konsertar på same kveld. Til saman vart det ein innpå fire timar lang seanse, med om lag seksti innslag med stort og smått.
Enkelte syntest kanskje dette var i meste laget å fordøye, men det er eingong slik at alle bør få høve til å syne kva dei har arbeidd med og lært gjennom året, og når aktivitetsnivået i kulturskulen er sopass høgt som i Masfjorden, vert konsekvensen at avslutningskonsertane vert heller lange og innhaldsrike.
Og det skal også seiast at sjølv om spreiinga innan nivå er temmeleg stor, så bar alle innslaga tydeleg preg av at dette var noko utøvarane syntest var kjekt å halde på med. Det var altså mykje å gle seg over for dei som heldt ut og var med på begge konsertane.
Det er ikkje mogleg å kommentere kvart einskilt innslag. Men det er kjekt å konstatere at det har vore ei fin utvikling når det gjeld spreiing på sjangrar. Kulturskulen har tydelegvis eit godt tilfang på lærekrefter som beherskar ulike musikktypar og instrument. Det er også kjekt å fylgje utviklinga til einskildelevar frå år til år, og kunne konstatere at det vert flinkare og tryggare i dei aktivitetane dei held på med.
På slutten av siste konserten hadde kulturskulerektor Frank Kvinge ei lita oppsummering av året som hadde gått, og takka elevar og lærarar for fin innsats. Deretter fortalde han litt om kva som skal skje til neste år. Han kunne fortelje at elevtalet i kulturskulen var på stø veg oppover – kulturskulen i Masfjorden er truleg ein av dei største i landet når ein samanliknar med elevtalet i grunnskulen i kommunen – og takka politikarane for god hjelp til å kunne halde fram med å gi alle som ynskjer det, eit godt tilbod i Masfjorden kulturskule.
Tekst og bilete : Rune Garmann
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen