MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 07.07.09 -

Over 7000 lokale stadnamn i Masfjorden presentert i kart på internett

Publisert 2.04.09

 

Over 7000 lokale stadnamn i Masfjorden presentert i kart på internett. Og du kan høyra den nedervde uttalen av namna!

 

I kartportalen til Regionrådet Nordhordland IKS www.nordhordlandskart.no er det no lagt ut eit temakart for Masfjorden kommune som inneheld tett på 7200 lokale stadnamn. Det er gjort lydopptak av den nedervde uttalen av namna.

 

Kartutsnitt frå Masfjordnes i stadnamnsportalen

 

I kartportalen er plasseringa av namna vist på flyfoto for at det skal vera lett å orientera seg. Einskilde stader er det så tett med namn at det er ikkje plass til å få skrive alle namna. Då finn ein berre lydsymbolet til namnet. Ved å forstørra kartet, (bruk + knappen) blir skrivemåten av det tilhøyrande namnet leseleg.  Ved å klikke på høgtalarsymbolet kan du høyra den nedervde uttalen av namnet.

 

Korleis finn ein fram til kartet?
Kartet er tilgjengeleg ved bruk av internett.  Skriv adressa til kartportalen : www.nordhordlandskart.no og du får fram oppslagssida til portalen. Over kartet er presentert kommunevåpna til kommunane i regionen. Ved klikk på Masfjorden kommune sin logo kjem opp eit oversiktskart for Masfjorden og tilgrensande område. Like til venstre for det presenterte kartet er ein nedtrekksmeny med overskrifta ”karttypar”. Frå menyen vel du stadnamnkart.  Namna i kartet kjem først fram ved sterk forstørring  (målestokk > 1/5000). For å få kartet i tilstrekkeleg stor nok målestokk, kan du nytta forstørringsknappen (+) og dra ei rute eller du kan skriva tala 4999 i ruta for målestokk. Då kjem namna fram.  Vil du sjå namna i andre område av kommunen enn det kartutsnittet du  har oppe, flytter du kartet ved å trykke på flytteknappen (handsymbol i verktøylina).  Hald så musepeikaren nede og dra kartet  til du er komen til ønskjeleg stad.

 

 

Torbjørn Trageton

prosjektleiar

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen