MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

Glimt frå Kulturskuleveka 2009

- (Publisert. 16.03.09)


Klikk opp større bilete. For tekst, hald musepeikar over bileta:

Haugsvær barnekor med eige band Jentebanddebut Casper, Sondre,  Lars, Robert og Simen i aksjon Good love in on the way....
Uten mat og drikke... ...duger publikum ikke....  Malin_H Marita
Band Lasse_Sofie_Endre Berit og Hanne lagar til utstilling Frå utstillinga
Stilig Djup konsentrasjon Lullaby of Birdland Stort publikum


Det var mykje å gle seg over for dei som deltok på arrangementa i Kulturskuleveka.

Kulturskuleveka  vart markert med kveldsarrangement på Sandnes, Nordbygda og Matre skule. Her deltok dei aller fleste av dei 140 elevane i kulturskulen med ymse innslag;  åleine eller i grupper, med song og spel, og med teikneutstilling. For fullsette salar med entusiastiske publikum framførte dei sine program med kvalitet, sjarm, intensitet og trøkk, og tilsynelatande heilt utan nervøsitet.

 

Dei aller fleste elevane i kulturskulen syng eller spelar. To teiknegrupper er i sving, og på Sandnes hadde ei av gruppene  laga ei flott utstilling som viste litt av produksjonen så langt i år. Her var det teikningar av alt i frå Barack Obama  til dyra på garden.  Elles var det gledeleg å sjå at mange av elevane hadde ”funne”  kvarandre, og etablert samspelgrupper av ymse slag for høvet, der det vart presentert låtar frå vise-, jazz- og musicalverda. På Nordbygda og Matre er det tydeleg at band er in for tida, og fleire gruperingar var frampå med tunge gitarriff, ”hylande” vokalistar og  hardslåande trommisar.  Det heilt nystarta jentebandet på Matre hadde sin scenedebut, og kom godt frå si tolking av One of us. På Matre-konserten var dei to gruppene i Haugsvær barnekor gjestar og framførte flotte songar. Dette koret har vakse seg stort og har no over 30 unge medlemmer.

 

Ei stor takk til Sandnes skulemusikk, Nordbygda skulekorps og Haugsvær barnekor for god arrangementshjelp og forfriskingar i pausen.

 

 

 

Tekst: Frank Kvinge

Bilete:  Erik Wick Andersen,  Rune Garmann og  Inger Leithaug

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen