Publisert 28.01.09
0,463 mill. av desse midlane er skattekompensasjon. Kommunen har alt lagt inn ein auke i skatteinngangen på 5,4 % for 2009 i tråd med statsbudsjettet og garantiar frå kommunalministaren om at staten kompenserer for eventuell skattesvikt. Kompensasjonen blir for liten i høve til det realistiske skatteanslaget som låg om lag 2. mill. kr. over. Midlane vil difor ikkje vera tilstrekkeleg til å kompensera for denne inntektssvikten. kr. 1.1 mill. av krisepakka er sett av til vedlikehaldstilskot. Dette er likevel ikkje øyremerka midlar slik at kommunen kan bruka dei fritt. kr. 0,440 mill. av krisepakka er auke i frie inntekter for kommunen.
Dei 2 mill. frå krisepakka er det som ein alt hadde forventa ut frå tidlegare garantiar om kompensasjon for skattesvikt i høve til opphavleg statsbudsjett. Ass. rådmann Svein Helge Hofslundsengen opplyser at han hadde håpa på mykje meir til kommunane ut frå dei sterke signala som var gjeve på førehand.
Formannskapet skal handsama korleis kommunen skal bruka vedlikehaldsmidlane den 18. februar medan kommunestyret får saka til handsaming den 26. februrar.
Her kan du lesa meir om regjeringa si tiltakspakke for Hordaland fylke.
Tekst: Frode Vee-Haugen
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen