MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 07.07.09 -

Heimetenesta i Indrefjorden har fått nytt kontor

Publisert 25.05.09

 

Dei tilsette i heimetenesta i Indrefjorden

 

14.mai vart dette markert med ein innflyttingsfest i dei nye lokala på Haugsvær. Dei tilsette i avdelinga, samt personalrådgjevar Jane Britt Daae og kommunalsjef Ørnulf Lillestøl var tilstades denne dagen.

 

Heimetenesta i Indrefjorden har sidan 2001 hatt midletidige lokale i fellesarealet på omsorgsbustadane på Matre. Desse lokala var lite eigna som base for Heimetenesta. Det vart etterkvart eit naturleg val å flytta til Haugsvær, då det vart ledige lokale og ingen søknad på leilegheiter i dette bygget.

 

Dei nye lokala på HaugsværDei nye lokala er i verna bustad på Haugsvær, som delvis er ombygd til kontorlokale. Ein leilegheit og tidlegare administrasjonsdel er no slått saman, slik at vi no har fått eit funksjonelt kontorareal til vårt bruk i Heimetenesta.

 

Sidan i februar og fram til no har det vore diverse ombyggingsarbeid i desse lokala. Verneombodet har vore aktivt med i utforminga av dei nye lokala. Ein har tatt sikte på å finna gode løysingar og kjøpt inn utstyr som sikrar gode arbeidstillingar og som førebyggjer belastningsskadar.

 

I dei nye lokala er det no godt lagt tilrette for reingjering av hjelpemiddel og vask av anna utstyr. Elles er lokala nymalt i lyse fine fargar og nye møblar i friske flotte fargar. Så langt er me kjempefornøgde med dei nye lokala!

 

Det som gjenstår no er å få bygd ein garasje til leigebilen med plass til litt utstyr, samt utbetra parkeringsplassen.

 

Telefonnummer til Heimetenesta er som før:
56 16 61 37 eller 56 16 61 38.
Mob.tlf  41 61 75 08.

 

Adressa vert no: Heimetenesta i Indrefjorden, 5983 Haugsvær.

 

 

 

Tekst: Elin Eikemo

Foto: Ørnulf Lillestøl

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen