Publisert 20.03.09

Basaren på sjukeheimen onsdag 18. mars samla rundt 80 menneskjer. Det var arbeidsstova med Berit Totland og Anne Marit Engesæter som stod bak basaren. Dei som bur på heimen og på omsorgsbustadane i Nordbygda har jobba flittig med ulike handarbeid, så det var mange flotte gevinstar. Ådneduren sørgde for flott musikalsk innslag. Malena Matre leste dikt ho sjølv har skreve.
Det var kjekt at så mange kom og var med på basaren. Det kom inn rundt 18000,-. Desse pengane vert brukt til å kjøpa inn nytt material til arbeidsstova.
Foto: Malena Matre las opp eig dikt på basaren
Tekst: Siri Kratzmeier
Foto: Helga Ellingsen
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen