MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 07.07.09 -

Fjelltrim 2009

Publisert 14.05.09

 

Foto: Mot Sørlivatnet og Ådneburen. Stølhogen som har turpost, ligg like til høgre for biletkanten

Mot Sørlivatnet og Ådneburen. Stølhogen som har turpost, ligg like til høgre for biletkanten

 

Fjon U.I.L. arrangerer på nytt  FJELLTRIM, i år i perioden frå 6. mai til 12. oktober. (Postkassene til dei kortaste turane heng oppe til 1. november.) I fjor var det 74 fjellvandrarar som gjorde seg fortente til premie, ein god framgang frå året før. I 2009-sesongen håpar me på å nærma oss 100 premierte deltakarar igjen. 

 

Også i år vert det arrangert onsdagsturar. Det er lagt opp til sju slike turar på Sørsida, og i år er seks av desse som også er postar på Fjelltrimmen.

 

Som vanleg skal det ikkje vera for tungt å klara 10 postar, altså nok til å få premie. I år er det plassert ut 16 postar. Dei som vil gå 15 postar, må gå dei lange turane, og så kan dei velja mellom Håvarden eller Melshovden - eller sjølvsagt også gå begge. Dei som går 10 postar, kan velja fritt mellom alle postane. Det vert som tidlegare premiert for 10 postar og for 15 postar.

 

Påmelding ved kjøp av kart og informasjon (frå 8.mai) vert hjå :
Marit Krossøy (butikken), Terje Rasdal og Nærbutikken Kvingo

 

Innbetaling av påmelding

Dei som vil betala påmeldinga på nettbank/bankgiro til Fjon U.I.L., kan no gjera det.

Kontonummeret er  3635 5008643. I rubrikka for KID skriv ein då Fjelltrim 09 + dei namna dette gjeld.  (nettbank). Brukar ein vanleg bankgiro, må også desse opplysningane vera med.

 

Her kan du gå til postinformasjon og laste ned kart.

 

Saman med kartet, som i år er i fargar, er det laga ei orientering om kvar de finn postane, og korleis dei er plasserte. Postane er merkte med raud/kvite band. 
Me oppmodar folk å ha med seg skikkeleg kart – og å bruka det – på fjellturane.
Målsetjinga vår er at folk skal få både naturopplevingar og mosjon – og rådet vårt er at de ikkje ventar for lenge med å ta ut.  I år har postane komne tidleg ut, og det har allereie kome mange namn i bøkene. Me vil også i år premiera den som har flest antal besøk på ein av postane.

 

Sandnes skule har tradisjon med å ha ein fjelltur for elevane om hausten, og i år skal denne turen gå frå Nørlandsdalen til Nørlandssetrane/Andvikesetrane, og til Stølhågjen og ev. Kupa. I komitéen i år er Knut Fr. Sørheim, Marit Krossøy, Lillian Andvik, Lars Andås og Terje Rasdal  - dei kan de ta kontakt med dersom de lurer på noko.

 

Det vert stølsmesse ved Torsteinshytta søndag 9.august kl.15.00.

 

Prisane er også i år :       Vaksne : 80 kr, barn : 40 kr

 

 

GOD  TUR  !

 

 

 

Tekst: Terje Rasdal

Foto: Knut Sørheim

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen