Publisert 7.04.09
Tirsdag ettermiddag og kveld fekk dei aller fleste hus i Masfjorden besøk av ein av konfirmantane med innsamlingsbøsse for Kirkens Nødhjelp. Formålet med innsamlinga vart på førehand presentert både i Masfjordingen og i konfirmantane sine samtalegudstenester, der det også var høve å gje ei gåve til aksjonen. Resultatet vart rekordstort: Sandnes 10202,50 (bøsser) + 1295,50 (kyrkja), tilsaman 11498 (2008: 11288,50); Solheim 10781 + 920, tilsaman 11701 (2008: 10097,50); Frøyset 13100 + 956,50, tilsaman 14056,50. Totalt i Masfjorden er det i år samla inn til prosjektet Klimaaksjonen SOS frå Sør kr 37 255,50 (2008: 33 025).
Vil du lesa meir om innsamlingsprosjektet, kan du klikka deg inn på sida www.kirkensnodhjelp.no
Vi takkar alle gjevarar.
Tekst: Knut Fr. Sørheim
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen