Publisert 4.02.09
Hald musepeirkar over bileta for tekst

Den 20.01.09 arrangerte Masfjorden Sjukeheim ergonomi-kurs for reinhaldarar og heimetenestene. Kurset vart halde av Lilleborg profesjonell ved fagsjef Lilly Anne Larsen. Kurset hadde fokus på korleis ein som reinhaldar kan legge inn gode arbeidsteknikkar og bruke riktig utstyr slik at ein kan vere med å førebygge belastningslidingar. Reinhaldarar er ei av dei faggruppene som har høgast sjukefråvær på landsgjennomsnitt.
Frå Masfjorden kommune var det 35 tilsette tilknytte pleie og omsorg og 1 frå barnehagane. Frå Modalen Kommune var det 6 reinhaldarar og frå privat næringsliv i Sløvåg var det 2 reinhaldarar.
Pleie og omsorg opplevde dette som eit veldig nyttig kurs og vil ta med oss ny kunnskap både om arbeidsteknikk og utstyr inn i vår kvardag for å legge til rette eit godt arbeidsmiljø. På den måten kan vi prøve å førebyggje belastningslidingar og redusere sjukefråvær. Takk til Oddny Daae som arrangerte kurset, med eit så aktuelt tema.
Tekst og foto: Helga Irene Ellingsen
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen