MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 07.07.09 -

Historisk IKT samarbeidsavtale signert

Publisert 12.05.09

 

Tekst: Sjå musepeikaren

Einar Vaage frå ATEA og Håkon Matre er godt nøgde med avtalen, bak  Rasmus Garnheim frå VISMADet var historisk sus over signeringa som leiaren i Regionrådet, Håkon Matre, gjorde på vegne av 8 Nordhordlands-kommunar måndag 11.mai 2009. Dei to viktige avtalane vart signert med Visma og med Atea, og vil gje nytt og betre fagprogram for skular og barnehagar, og avtalen med Atea gjev grunnlag for etablering av ny IKT-struktur i kommunane.

 

Det er kommunane Osterøy, Modalen, Masfjorden, Austrheim, Fedje, Radøy, Meland og Lindås som no går inn i to tette samarbeid for ytterlegare å gjera store framskritt på IKT sektoren. I tillegg kan det tenkast at Vaksdal knyter seg på avtalane seinare.

 

For VISMA var det regionansvarleg Rasmus Granheim som signerte avtalen, og for ATEA var det regiondirektør Einar Vaage som signerte avtalen med Håkon Matre.

 

Kva inneber så desse avtalen for samarbeidskommunane:

 

Fagprogram for skule og barnehage:

 

Fagprogram for skule og barnehage har moduler for skule, barnehage og timeplan.

 

Programma skal i hovudsak brukast av kommunane innanfor administrasjon av skular og barnehagar, og programma skal integrerast med kommunane sine økonomi- og sakssystem.

 

Løysingane er basert på avansert teknologi og utstrakt bruk av dagens muligheter innan kommunikasjon.   Dette gjeld både kommunikasjon menneske til menneske f. eks. skule – heim, barnehage - heim og elektronisk kommunikasjon mellom skule- og barnehagesystema og kommunane sine øvrige administrative program.

 

Meldingar til elevar og føresette kan t.d sendast som SMS-meldingar, e-brev, vanlege brev, noko som m.a. vil bidra til ein betydelig effektivisering og forenkling av kommunikasjonen mellom skular og elevar/føresette, samt barnehagar og føresette.

 

Ny IT-struktur i SING kommunane:

 

For å vidareutvikla samarbeidet og integrasjon, leggja grunnlag for tettare samarbeid og effektiv drift av felles IKT-struktur har kommunane gjennomført eit forprosjekt for vurdering av ein revidert felles AD-struktur.

 

Den nye løysinga skal leggja til rette for å vidareutvikla regionen til en eRegion.

Det ligg tydelege føringar frå sentrale styresmakter om at IKT skal vera eit sentralt hjelpemiddel for å oppnå viktige mål for vidareutvikling av kommune-Norge. Grunnlaget for strategiarbeidet er den nasjonale e-Kommunesatsinga.

IKT skal bidra til, m.a:

  • Auka kvalitet på tenester
  • Deltaking i informasjonssamfunnet for alle
  • Høgare produktivitet, frigjering av ressursar og auka velferd
  • Betre og meir tilgjengelige tenester gjennom døgnopen digital forvaltning
  • Ivaretaking av personvernet
  • Auka digital samhandling mellom kommunar, andre forvaltningsnivå og næringsliv

Prosjektet som skal gjennomførast er eit viktig bidrag til oppfylling av desse måla for kommunane i Nordhordland.

 

Desse to avtalene og arbeidet som ligg framføre for både kommunane og samarbeidsselskapa vil påverka kvardagen for svært mange av brukarane av kommunale tenester og for tilsette. Difor vil det koma jamleg informasjon vil kommunane sine heimesider.

 

 

 

Tekst: Jostein Skråmstø og Helge Dyrkolbotn

Foto: Helge Dyrkolbotn

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen