Publisert 9.01.09
Kan du tenka deg å starta med butikk i Masfjorden? No har du sjansen.
Øyvind Ekren tilbyr ledige butikklokaler i planlagt næringsbygg i dei gamle lokala til Kvinge Tre.
Wenke og Øyvind Ekren har kjøpt lokala til Kvinge Tre for å bruka dette til næringsbygg. Dei vil sjølv starta daglegvarebutikk i eine delen av bygget, medan dei tilbyr ledige lokale for forretning/butikkdrift i den andre delen.
Har du interesse eller lyst til å driva butikk/næring i Masfjorden så kan du ta kontakt med Øyvind Ekren på tlf. 56 36 51 75 eller 414 19 001. Han tilbyr ledig lokale på 225 m2. Daglegvarearealet vil bli på om lag 325 m2. Det er stor handelslekkasje frå Masfjorden, så det er stort behov innanfor alle typa varer og da særleg manufaktur og jernvarer.
Wenke og Øyvind Ekren er no i gang med å senda inn naudsynte godkjenningar for bruksendring. Planen deira er å opna butikken i mai 2009. Kommunen stiller seg positiv til planane.
Tekst: Frode Vee-Haugen
Foto: Kommunen sitt kartarkiv
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen