Publisert 10.02.09
Hald musepeikar over bilete for tekst

15 år etter at filialen vart lagt ned var det måndag duka for nyopning av biblioteket på Sandnes. Aspirantane i Sandnes skulemusikk fekk æra av å starta festen med å spela to melodiar, og gruppa VIMS framførte songen You raise me up.
Ordføraren stod for den offisielle opninga. Det skjedde på den måten at han opna ein fint innpakka stabel med bøker som biblioteksjef Inger Jåstad hadde pakka inn. I pakken fann han m.a ei bok om partiet Høgre og siste boka om Pondus.
Biblioteksjefen fortalte litt av historia til biblioteket. Det har vore ei folkeboksamling på Sandnes heilt tilbake til 1800-talet. Då var samlinga plassert i eit privathus på Sandnes og folk kunne låna bøker etter kyrkjetid kvar preikesøndag. Den lengste tida heldt biblioteket til i det gamle kommunehuset, før det vart flytta til Sandnes skule på 70-talet. Gjennom dei åra Sørsida har vore utan bibliotek, er det mange som har fortalt at dei saknar biblioteket. Særleg vart det merkbart etter at bokbussen og vart lagt ned.
Ordføraren fortalde m.a. litt om bøker han hadde lånt i biblioteket på skulen i sine gutedagar og nemnde særleg Robin Hood og Snorres Kongesoger mellom bøker han då hadde hatt glede av å lesa. Både ordføraren og biblioteksjefen uttrykte glede over at biblioteket kunne opna på nytt og ønskte at dette måtte bli både ein plass for lesing og ein møteplass i lokalsamfunnet.
Dei bortimot 50 frammøtte fekk så forsyna seg både av dei framsette kakene og av bøkene i biblioteket, og det gjekk unna av begge deler.
Det er alt kjøpt inn ein del bøker til biblioteket, og fleire vil det bli etter kvart.
Fram til sommaren vil biblioteket vera ope kvar måndag mellom kl. 15 og 20.

Tekst og foto: Alf M. Strand
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen