(Publisert 26.06.09)

Bildet viser frå venstre: Ordførar Håkon Matre, Stephen Palmer, Elna Talle, Helga Hodne, Laila Solhaug Reknes, Kirsti Areklett, Åse Haugsvær Dyrkolbotn, Grete Nyhavn, Ingebjørg Molland og rådmann Lovisa Midtbø. Ingebjørg Øvergaard var ikkje tilstades.
Onsdag 24. juni inviterte ordføraren og rådmannen ni tilsette med følgje til jubileumsfeiring for lang og tru teneste i kommunen.
Det vart ei flott markering med heidersord, heidersmerke og gåvekort. Dei hovudtillitsvalde overrekte blomar. Flotte omgjevnader ved Stordalen fjellstove og eit velsmakande måltid frå vertskapet ga ei fin ramme til ein velfortent honnør til kjære medarbeidarar.
Tekst: Jane Britt Daae
Foto: Rune Garmann
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen