MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 15.11.11 -
MASFJORDELEVAR PÅ TEMATUR  MED
AKTIVE FREDSREISER, 26.05. – 04.06.08.
- Oppdat. 18.06.08 -

 

Elevane og lærarane som deltok på turen

 

10.klasse ved Nordbygda og Matre skule har gjennomført ein svært vellukka tematur til Tyskland og Polen med Aktive Fredsreiser. Saman med tidsvitna Haldor og Elen Telle frå Telavåg,  reiste me med Fjord-Line frå Bergen til Hanstholm. Ein dyktig, dansk sjåfør gjorde bussreisa gjennom Danmark, Tyskland og Polen til ei behageleg oppleving. Me hadde god plass, fin utsikt og undervegs kunne me også sjå film, spela kort og sjølvsagt prata saman. Så i løpet av turen vart elevar og vaksne frå dei to skulane svært godt kjende med kvarandre.

 

Ei flink dame, Berit Søberg Selmer, var reiseleiar.  Ho guida oss gjennom Europa, og gav oss framifrå informasjon og kunnskap.

 

I Polen fekk me omvisning med lokal guide i konsentrasjonsleirane  Auschwitz ІІ, Birkenau og Auschwitz І.   Tidsvitne Haldor Telle og reiseleiar viste oss rundt og fortalte engasjert om leirane Sachenhausen og Ravensbrück  utanfor Berlin.  Elevane avslutta besøka med fine minnemarkeringar, - diktlesing og nedlegging av blomar.
På temakvelden fortalde Haldor Telle om det som skjedde i Telavåg under krigen,  og som han opplevde som barn.
Ved  besøk og guiding i Stasi-fengselet i Berlin fekk me innblikk i nyare historie og den fysiske og psykiske torturen som her vart gjennomført.
Frå alt dette sit me  att med mange sterke inntrykk og tankar.

 

Denne tematuren har også som mål at elevane får sjå og oppleva ulike kulturar.
I Krakow gjekk me rundt Wavelborga, handla på torget og for mange elevar var besøket i Mariabasilikaen  ei stor oppleving. 
Saltgruvene i Wieliczka, 135 m under jordoverflata, var spennande og ikkje minst eit avkjølande avbrekk i sommarvarmen. 
Me fekk også besøkja den gamle jødiske bydelen i Krakow, der me mellom anna såg  fabrikken og andre kjende område frå filmen ”Schindlers liste”. 
Me tilbirnga kvelden i Krakow med middag og folklore saman med ein skule frå Tromsø.  Lokale folkemusikarar spela, song og dansa og fekk etter kvart  elevar og vaksne med i allsong og dans.  Stor var stemninga  då alle stemte i med  ”Per Spelemann”!

 

I Berlin hadde  me sightseeing med buss, samt ein kort spasertur på  Unter den Linden og gjennom Brandenburger Tor.  Shopping på Kurfürstendamm og eit godt måltid på Hard Rock Cafe sette alle stor pris på!

 

Hotella, maten og guidinga var kjempebra, - og veret var fint heile tida.
Men finast av alt var ein gjeng kjempekjekke og greie elevar frå skulane våre. Dei fekk gode tilbakemeldingar frå reiseleiar, tidsvitne og bussjåfør.

 

Dette har vore ein svært lærerik og kjekk tur, - eit minne for livet!
Me har  fått kunnskap og opplevingar om fortida  som kan vera med å gi oss større forståing, respekt og toleranse for andre i dag.

Og ikkje minst har me lært kor viktig det er å bry seg!

 

 

Tekst og foto: Anita Hjartholm

 

 

Oppdat. - 29.06.09 -

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen