MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

Vellukka teaterframsyning på Nordbygda skule

- Oppdat. 25.04.07 -

 

Torsdag 6. april kunne småskulen ved Nordbygda skule invitere til teaterframsyninga «Maurits», basert på musikalen «Maurits og den store barnålkrigen» av Geirr Lystrup. Det vart ei svært vellukka forestilling, eller rettare sagt : To vellukka forestillingar.

 

Flittige maurar Maurits, alt er over Store og små skulle sminkast

 

Raud maur

 

På føremiddagen var det framsyning for medelevar frå eigen skule og småskuletrinna på Sandnes og Matre skular, og for born frå barnehagane i kommunen. På ettermiddagen var det framsyning for foreldre og anna godtfolk. Begge framsyningane hadde eit stort og lydhøyrt publikum.

Det publikum fekk sjå, var ei fargerik og flott framsyning, med fine kostyme og flotte prestasjonar, både av dei mange solistane og av det store maurkoret. Songen fungerte svært godt, og mykje av æra for det skal nok eit solid og velfungerande orkester ha.

 

Applauderande bestefar

 

Men ærast skal alle. Heile framsyninga bar preg av god og grundig førebuing og skikkeleg utført arbeid på alle plan. Publikum viste også å setje pris på dette, med ståande applaus.

 

 

 

Tekst og foto: Rune Garmann

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen