MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

Kommunestyremøte på Nordbygda skule

- Oppdat. 04.03.08 -

 

Kommunestyremøtet som vart halde torsdag 28. februar vart ikkje avvikla heilt som dei fleste andre kommunestyremøta. Forutan at det vart lagt til gymsalen på Nordbygda skule, var innhaldet på møtet også eit litt anna, av di det starta med ein «spørjetime». Og spørjarane, det var elevar ved Nordbygda skule.

 

Engasjerte folk


Elevane i 5. til 7., samt 9. og 10. årstrinn, var til stades på møtet og høyrde medelevar stille ordførar og kommunestyrerepresentantane elles spørsmål som dei var opptekne av.

Ordførar Håkon MatreMen først hadde ordførar Håkon Matre ordet. Han innleia med å gå gjennom spørsmål som elevane hadde stilt kommunestyret forrige gong ein hadde ein slik spørjetime – det var 14. oktober 2004 – og orienterte om kva som var blitt gjort med dei problemstillingane elevane då hadde teke opp. Det viste seg at mange av innspela frå den gongen var blitt handsama politisk, og hadde ført med seg at ulike tiltak var blitt sette i verk.

 

Så slapp elevane til med spørsmåla sine. På førehand hadde elevane arbeidd i klassane med å førebu spørsmåla, og ei redigeringsnemnd hadde gått gjennom desse og foreteke ei samordning av dei. Det var difor ein gjeng med godt førebudde elevar som la fram spørsmåla for kommunestyret.
Spørsmåla omhandla mangt og mykje som angår folk i nærmiljøet – frå sikring og utbetring av vegar, via ynskje om ballbinge og betre treningstilbod elles, til IKT-situasjonen på skulen og problemet med at ikkje alle stader i kommunen har breibandsdekning.

 

Ordføraren sine svar viste også at spørsmåla vart tekne seriøst. På einskilde spørsmål vart ordføraren supplert av kommunstyrerepresentantar, som på ulikt vis fekk fram litt av den politiske prosessen – til dømes med problematikk kring prioriteringar - som kan liggje bak eit endeleg vedtak.

 

Det var ei lydhør og engasjert forsamling som fylgde med i denne vel timelange delen av kommunestyremøtet, og det kan sjå ut som om det kan vere ein god idé å ha slike spørjetimar med elevane ei gong i blant. Kanskje vi kan håpe på at dette vert ein fast rutine, og at det vert gjennomført på alle skulane i kommunen?

 

Publikum

 

 

 

Tekst og bilete : Rune Garmann

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen