Då SFO vart starta på Nordbygda skule, var lokala i liten grad tilpassa dei behova aktivitetane på SFO har for eigna opphalds- og arbeidsrom. Men etter kvart er dette blitt betre, og eit stort steg i rett retning vart teke onsdag 30. januar, då det nye kjøkkenet vart offisielt teke i bruk. Som det seg hør og bør, vart dette markert ved snorklypping. Men også andre festlege innslag sette sitt preg på opningsseremonien : Eigenprodusert skodespel vart framført, og rektor Berit Lygre hadde gleda av å overrekkje blomar i høve hendinga. Og så vart det servert mat til frammøtte born, foreldre og tilsette. Maten bar preg av det ein var komen samen for å markere : eit godt kjøkken.
Tekst og foto: Rune Garmann
|
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen