Spanande skulestart på Nordbygda skule |
- Oppdat.
24.08.07 - |
|

Elevane ved Nordbygda skule fekk ein ekstra lang skuleferie i
år - første skuledagen starta nesten ni timar seinare enn
vanleg ! Men då klokka var halv seks, møtte elevane - og
dei fleste av foreldra - opp i gymsalen til ei felles samlingsstund for
store og små. Her vart dei ynskt velkomen av lærarane, som
song "Eg kan", med tekst av Ingvar Moe.
Etter at rektor hadde presentert dei nye lærarane, gjekk elevane
og foreldra til kvar sine årssteg, for å kunne prate litt
meir saman, og for å få meir informasjon.
Her fekk dei informasjon
som handla om arbeidet på det einskilde årstrinnet, og dei
fekk høve til å verte litt betre kjende med kvarandre, og
med gamle og nye lærarar som dei skal samarbeide med i det
komande skuleåret.
Det var ein del papir som skulle fyllast ut, men det vart heldigvis tid
til å gjere meir uformelle og hyggelege gjeremål også.

Nokre av foreldra til
elevane på femte til
sjuande årstrinn nytta høvet
til å få litt
informasjon om masfjordskulane sitt
pedagogiske nettverk, om bruk av skolepost
og andre internettbaserte
tenester, og om nokre
av dei mange gode og gratis dataprogramma
som
eikvar kan hente frå nettet og gjere seg
bruk av.

Elevane fekk med seg
arbeidsplan og nokre av bøkene med seg heim denne kvelden - og
så var skuleåret i god gjenge.
Dei tilsette på skulen opplevde dette som ein fin start på
skuleåret, og attendemeldinga frå ein del foreldre tyder
på at vi ikkje er åleine om å oppleve det slik.
Bilete : Inger Amundsen Sleire og Berit Lygre
Tekst : Rune Garmann
|