Tysdag 13. mars sette ungdomsskuletrinnet ved Nordbygda skule opp ei framsyning basert på Jakob Sande sine dikt. Framsyninga var sett saman av bolkar med ulike tema. I løpet av den dryge timen framsyninga varte, fekk publikum eit godt innblikk i den mangslungne tematikken som utgjer Jakob Sande si diktverd.
Ein bolk tok for seg sjømannsdikta hans. Vesle Daniel drog ut i verda, og møtte ulike personar og lagnader, og kom til slutt heim som gamal sjøulk.
Ein annan bolk tok for seg den sosialt medvitne Jakob Sande, som var engasjert i og hadde omsut for dei små og svake i samfunnet.
Den burleske bygdediktaren vart og presentert, med all dramatikk som ein finn i diktet "Bygda søv".
Innslaga veksla mellom song og diktlesing med og utan tablå. Blant songane fann vi mange kjende og kjære tonar, men siste songen hadde heilt ny tonedrakt, og synte med det at Jakob Sande si dikting fungerer fint i nye og moderne kunstnarlege uttrykk.
Det var ein fin innsats elevane synte, og denne fekk dei kvittering for i form av langvarig, ståande applaus frå eit stort og takknemleg publikum. Men ein skal ikkje gløyme den gode innsatsen til lærarane. Endre Tynning Nystrand var musikalsk ansvarleg, og Liv Dyregrov, Anita Hjartholm og Berit Lygre hadde ansvar for manus, kostymer og regi.
Ein annan lærar som også hadde vore sterkt engasjert i førebuinga, Tor Stensrud, fekk ikkje oppleve å sjå resultatet av arbeidet. Denne framsyninga vart tileigna han.
Tekst og foto: Rune Garmann
|
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen