MargfeltTil hovudsida

Gå direkte til innhald
Oppdat. - 31.08.09 -

Om skulen


Tlf. 56 16 64 00, e-post: nordbygda.sk@masfjorden.kommune.no - Rektor: Berit Lygre.

Nordbygda skule finn du på Hosteland i Masfjorden kommune. Like i nærleiken ligg Nordbygda barnehage. Skulen og barnehagen utgjer til saman Nordbygda oppvekstområde.

I same område finn ein og Nordbygda helsetun med lege, helsesyster og fysioterapeut.

 

Skulen er ein kombinert barne- og ungdomsskule. Skuleåret 2008/2009 har vi 90 elevar, fordelt med 52 på barnesteget og 31 på ungdomssteget.

 

Skulen har ei godt tilrettelagd og mykje brukt skulefritidsordning. Dette året er det 17 barn i SFO. Frå hausten 2007 vart det og starta idrettsskuletilbod for barneskuleelevar. I år er det 33 elevar som nyttiggjer seg dette tilbodet.

 

Nordbygda skule har eit personale på til saman 25 personar, mange av desse i deltidsstilling. 16 er lærarar, 4 assistentar, 3 reinhaldarar, ein sekretær og ein bibliotekar.

 

Masfjorden folkebibliotek er lokalisert til Nordbygda skule. Biblioteksjefen har 20 % av stillinga si som skulebibliotekar.

 

Skulen vår er omgitt av natur på alle kantar, eit naturområde vi prøver å gjere oss nytte av både i undervisning og i fritid. Fysisk aktivitet og måltid i skulen har vore eit satsingsområde dei siste åra, saman med elevvurdering og utvikling av læringsmiljøet. I år er alle skulane og barnehagane i kommunene saman om eit prosjekt kalla ”Tidleg tiltak, - varig verknad” der ein har som mål å gje dei yngste elevane ein best mogleg start på opplæringsløpet.

 

Den eldste delen av skulen vart bygd i 1976. I 1991 stod skulen ferdig slik han er no med eigen fløy for mellom- og ungdomssteget i tillegg til ny administrasjonsfløy og bibliotek. Det siste som har skjedd på utbyggingsfronten, er at vi no har fått nytt tak over den eldste fløyen, med betre isolasjon og rom for ventilasjonsanlegg.

 

 

 

Tekst: Berit Lygre

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Lovisa Midtbø - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen