For bilettekst, sjå musepeikar:


Dette er tittelen på årets musikal ved Nordbygda skule. Denne er det elevane på ungdomsskulen som har framført, godt hjelpne av gode krefter i lærarstaben. Handlinga er bygd opp over tekstane i ein del av songane til bandet "Queen", og desse har ein sentral plass i historia. Men historia i handlinga er eigentleg ikkje så veldig viktig. For elevane og ikkje minst foreldra deira, er denne framsyninga fyrst og fremst eit glimrande høve til å verte kjend med eller møte att mange av dei flotte songane som denne gruppa i si tid ga fansen sin.
Dette var eit høve som dei deltakande tok godt vare på, gjennom flott dans, song og musisering. Framføringa flaut fint, takka vere eit svært godt samarbeid mellom skodespelarar, musikar og scenearbeidarar/statistar.
Det vil vere feil å løfte fram ein einskild aktør i ei framsyning som så til dei grader bar preg av å vere eit felles løft. Men det må vere rett å seie at einskilde nummer var spesielt vellukka. Og publikum viste å setje pris både på einskildnummer og på framsyninga sett under eitt. Ikkje sjeldan applauderte publikum etter at eit nummer var blitt framført, og då framsyninga var over, kvitterte publikum med langvarig trampeklapp.
Rektor Berit Lygre takka av kvelden med å dele ut blomar til alle medverkande. Det gjorde ho heilt rett i.


Tekst og foto: Rune Garmann
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen