MargfeltTil hovudsida

Gå direkte til innhald
Oppdat. - 30.11.09 -

"Mot til glede dagen"

 

Marita og Susann med Mot-logo på sjal og t-skjorte23.november var «Mot til glede dagen». I Masfjorden har me Mot på ungdomsskulen. Det vil seie at me samlar alle 8., 9. og 10. klasse elevar i heile kommunen for ei samling fleire gongar i løpet av skuleåret. Mot handlar om at me må ha MOT TIL Å LEVE, MOT TIL Å BRY OSS OG MOT TIL Å SEIE NEI. Me gler oss til desse samlingane!

 

Før 23. november fekk me oppfordring til å finne på noko som gleda andre. Eg og ei anna klasseveninne bakte bollar og julekaker som me skulle glede andre med. Me gjekk opp i Nordbygda barnehage. Først snakka me litt om kva Mot og ”Mot til glede dagen er”, og så gav me dei bollar og julekaker. Det vart dei glade for.

 

Me synest dette var ein fin måte å markere «Mot til glede dagen på».

 

 

 

Tekst: Marita Midtbø Børnes og Susann Daae Børnes
Bilde: Emilie Hæggernes

 

 

 

 

 

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Lovisa Midtbø - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen