MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

Skulelunsjar på Nordbygda

- Oppdat. 25.04.07 -

 

Frå lunsjbordet

 

Veka før påske har elevane på ungdomstrinnet hatt felles skulemåltid. Maten er innkjøpt for pengar elevane tente på sal av "kortreist mat" i grunnskuleveka. Dette har vore eit svært populært tiltak, og det syner at ein ide om felles måltid på skulen har mykje for seg. Det er sosialt og trivnadsskapande for alle. Det gjer det også lettare å få mat i dei som kanskje synest at nistematen på skulen ikkje så attraktiv, og dermed let seg friste til å hoppe over maten.

Frå lunsjbordet 2

 

Menyen har variert frå dag til dag, med brødmat og kakao ein dag, til ferste pitabrød med salat den neste. Slik har det vore dei fire første dagane i denne veka. Men siste dagen før påske var det slutt med felles lunsj for ungdomsskulen for denne gongen, for på Nordbygda skule er det ein fast innarbeidd tradisjon at siste dagen før påske er det felles påskelunsj for ALLE. Då kjem foreldre til skulen og lagar i stand ein god varmrett, og når den er vel fortært, kjenner alle på seg at no er det ikkje lenge att før vi kan ta påskeferie, alle saman.

 

 

 

 

Tekst og foto: Rune Garmann

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen