MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

Kardemomme er godt

- Oppdat. 27.04.07 -

 

Tante Sofie og vesle Kamomilla

Torsdag 26. april hadde mellomtrinnet ved Nordbygda skule to vellukka framsyningar av "Folk og røvarar i Kardemomme by". Første framsyninga var for medelevar og elevar frå Matre og Sandnes skular. Andre framsyninga var open for alle.

 

Det vart ein kjekk dag. Elevane fekk synt at dei hadde lagt ned mykje godt arbeid i førebuinga. Dei gjekk til oppgåva med engasjement og stor speleglede. Og engasjementet smitta over på publikum - ein kunne lese på munnane til mange av dei som sat i salen at dette var tekstar dei hadde kjennskap til og stor glede av. Difor var det ikkje å undrast at over at applausen aktørane fekk, var raus og langvarig, og at gode ord og breie smil sat laust då det framsyningane var over.

 

Rektor Berit Lygre kunne med god grunn gi alle - både elevar og lærarar gode ord som takk for ei fin oppleving.

 

 

 

 

Tekst og foto: Rune Garmann

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen