Trivelege juletradisjonar på
Nordbygda skule |
- Oppdat.
25.04.07
- |
|
Juleverkstad, juleavslutning med foreldre og julegudsteneste,- desse tradisjonane er godt innarbeidde på dei fleste skular rundtom. På Nordbygda skule har ein i tillegg to andre, faste tradisjonar som kanskje ikkje er fullt så vanlege, men som er svært verdifulle og som mange set stor pris på.
Klikk opp bilde for større format, sjå tekst med musepeikar.
I veka før juletrefesten på skulen skal haldast, går 6. klassingane rundt til kvar pensjonist i sitt bygdelag med ei personleg innbyding til eit førjulstreff på skulen. Dette treffet vert halde i gymsalen, og på programmet står generalprøve på årets julespel som skal visast på juletrefesten same kveld. Juletreet er på plass og ferdig pynta, 7. klasse har dekka fine bord, og når pensjonistane kjem inn, sit alle elevar, lærarar og assistentar samla framme i salen, klare til å syne årets julespel. Etterpå ventar kaffi og småkaker og ein drøs rundt kaffikoppen. Her er det og 7. klassingar og læraren deira som trør til med servering. Dei andre elevane får seg ein velfortent pause medan serveringa pågår, før alle til slutt på nytt samlast i gymsalen. No er det rett og slett ein god, gammaldags songtime som står på programmet, der elevar og lærarar syng julesongar saman med pensjonistane, med tonefølgje av piano.
I år var det dei yngste elevane som hadde hovudtyngda av programmet i eit flott julespel skrive og instruert av Rune Garmann. Men også andre elevar trødde til, slik at ein såg elevar både frå mellomtrinnet og ungdomstrinnet i aksjon på scena. I tillegg til at Rune Garmann spelte piano, var der eit dyktig orkester sett saman av 4 gitaristar frå mellom- og ungdomstrinnet og ein ”trommis” frå 9. klasse. Leiar for orkesteret var Endre Tynning Nystrand, også han med gitar. Blant alle dei vakre songane som vart framførte, var det i år ein som merka seg spesielt ut: Mia van-Rijn Janssen, spesialpedagogen vår frå Nederland, hadde lært småskuletrinnet ein rask og munter song om ”Sint Nicolaas”, den nederlandske utgåva av julenissen. Dei song så høgt og tydeleg og flott at ein skulle tru dei var oppvaksne med dette språket! Tilskodarane i salen sette og stor pris på at julespelet i år inneheldt eit tåbla om juleevangeliet, yndig og sjarmerande framført av elevar frå 2., 3. og 4. klasse.
Det var i år svært godt frammøte av pensjonistar, for første gong måtte ein dekka på til ein del ekstra gjester. Etter framsyninga var det to av pensjonistane som bad om ordet og gav skryt og honnør til alle aktørane. Slikt er kjekt å høyre, for det er mykje arbeid som ligg bak ei slik framføring, og det kjennest godt når publikum set pris på det ein har fått til.
Om kvelden gjekk den tradisjonelle juletrefesten av stabelen, der ein i tillegg til juleprogrammet har matøkt, gong rundt juletreet og besøk av nissen. Også då fall årets julespel i god jord. Dagen etterpå møter elevane opp til ein felles, flott julefrukost, laga til av foreldre. Dette er den andre, litt spesielle Nordbygda-tradisjonen, som vi kanskje kan lage reportasje om eit anna år.
Tekst: Berit Lygre
Foto: Ørjan Valestrand
|