MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

Kortreist pinnekjøt og andre godsaker

- Oppdat. 25.04.07 -

 

Julemiddag 1Musikkrommet på Nordbygda skule klokka eitt ein vanleg torsdag rett før jul: Langbord med kvit duk, levande lys og serviettar i julefargar, jenter i stilige julekjolar, gutar som har skifta dongeribuksa ut med mørk bukse og fin skjorte, travle kelnarar som går ut og inn frå skulekjøkkenet med tallerkar og serveringstraller, og over det heile ei umiskjenneleg lukt av jul. Av pinnekjøt og kålrabistappe. Kva er det som skjer?

 

Eit betre måltid som avslutning på ”heimkunnskapen” før jul har ein som regel klart å få i stand kvart år, trass i trange budsjett. Men i år er det spesielt. Heile ungdomstrinnet er samla til tre retters middag: Blomkålsuppe til forrett, pinnekjøt som hovudrett og riskrem er sjølvsagt dessert. Måltidet markerer ikkje berre at jula står for døra, det er og avslutning av eit større prosjekt  kalla ”Kortreist mat”. Prosjektet er del av eit landsomfattande tiltak, styrt av fylkeslandbrukskontora.  Det har som mål å gjere skuleungdom bevisst på lokale mattradisjonar og råvarer. Dei skal og  lære korleis ein sjølv kan ta hand om desse råvarene i sin opphavlege tilstand og utvikle dei til ferdige rettar.

 

Ungdomsskuleteamet på Nordbygda skule søkte i vår midlar til eit lokalt prosjekt, ein søknad som resulterte i ei løyving på kr. 4000,- . Allereie i vår bestemte dei og at dei ville late ”Kortreist mat” vere deira tema for Grunnskuleveka hausten 2005, og då nytt skuleår tok til, byrja dei med ein gong med den praktiske planlegginga.

 

Sidan sauehald har vore ei tradisjonell næring i Masfjorden, valde Nordbygda skule å late behandling av lammekjøt vere ein viktig del av sitt prosjekt. Og her gjekk ein skikkeleg grundig til verks. Elevane fekk kjøpe eit fint lam av Harald Molland, ein av lærarane på skulen. Å slakte heime på garden er det ikkje mange som gjer lenger, og heller ikkje noko ein utan vidare har lov til å gjere. Erik Riisnes er ein av dei som fyller vilkåra for å få løyve til dette, og lammet elevane hadde fått hand om, vart slakta heime på Risnes med elevane som ivrige tilskodarar. (Det vil seie: ikkje alle var like ivrige, det var og lov å reservere seg frå å vere med. Men dei fleste valde å sjå på, og synest at dei lærte ein god del både om sjølve slaktinga og om krav til hygiene og behandling av eit nyslakta dyr. Det må og presiserast at sjølve avlivinga av dyret var utført før elevane slapp til som tilskodarar.)

 

Ei avisgruppe var i sving og laga  reportasjar frå ein del av aktivitetane i Grunnskuleveka, og slaktinga var sjølvsagt via god plass. Vi saksar litt frå avisa:

 

For ein del var slaktinga kanskje ei tøff oppleving, medan andre syntest det berre var kjekt å sjå på. Det var nytt for dei fleste, men for ein del er det ei vanleg hending å vere med på om hausten.

 

"Det var ikkje kjekt med slaktinga, seier Stian Daae og smiler.

"Slaktinga var litt ekkel, men det var litt morsomt å sjå magen kome fossande ut, ler Glenn."

 

Julemiddag 2Etter at lammet hadde hange i føreskriven mogningstid, var det tid for partering, salting, frysing m.m. Her var det Oddny Daae som var den store læremeisteren, og no havna ribbene som skulle bli julemåltid i saltestampen. Men det er og viktig å unne seg litt ferskt kjøt i slaktetida, og for denne gjengen sitt vedkomande vart det eit måltid med lammefrikasse der ein i tilegg til kjøtet  fekk nytta gode, ferske grønsaker.

 

Også anna tradisjonell matlaging stod på timeplanen i løpet av Grunnskuleveka, m.a. lefsebaking og koking av ”gammaldagse” dessertar  som råmjølkspudding, sjokoladepudding og semulepudding. Sigfrid Hjertås, Laila Bråtveit, Inger Rambjørg og Kristine Andersen frå helselaga i bygda stilte opp som ivrige og flinke instruktørar i baking av nordlandslefser. Resultatet av denne arbeidsøkta vart frosne i passelege porsjonar og selde med god forteneste på marknadskvelden som markerte avslutninga av Grunnskuleveka.

”Fleire og fleire kjøper pinnekjøtet dei skal ete på julaftan ferdig oppskore og pakka i plast,” stod det i avisene ei lita tid tilbake.  Vidare heitte det: ”Unge folk vil gjerne halde på tradisjonane i jula, men dei har ikkje peiling på korleis dei skal lage til godsakene. Langt mindre veit dei kor råvarene kjem frå.” Med prosjektet ”Kortreist mat” vil dette truleg ikkje vere tilfellet for unge nordbygdingar når dei om nokre år skal lage til si eiga jul. Og før dei kjem så langt, skal du sjå at kunnskap om skikkeleg, tradisjonell ”mamma-mat” vert det heilt store sjekketrikset for nokon kvar. Interessa for tradisjonsmat og lokale produkt er aukande, og her har Nordbygda-elevane fått eit forsprang på mange andre i si aldersgruppe.

 

Vi vil takke følgjande personar for god hjelp og støtte:

Harald Molland, Erik Riisnes, Oddny Daae, Sigfrid Hjertås, Laila Bråtveit, Inger Rambjørg og Kristine Andersen.

 

Utan deira velvillige innsats hadde det vore vanskleg å gjennomføre prosjektet slik vi ønskte det.

 

 

 

Tekst og foto: Berit Lygre

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen