… vert ikkje den same utan at pensjonistane er med på generalprøva til juleprogrammet. Heldigvis vart det slik i år også. Generalprøva vart avhalden tysdag 19. desember, og presis like etter klokka halv eitt sat ein flokk forventningsfulle representantar for verdas beste publikum i gymsalen og venta.
Og dei venta ikkje forgjeves: Alle elevane på skulen deltok i eit innhaldsrikt og triveleg juleprogram, som var skrive av elevane i ungdomsskulen. Programmet inneheldt mykje stoff som ikkje var like godt kjent for alle, og arrangementa til musikken var heller ikkje spesielt tradisjonell. Men med nissar og reinsdyr som berande element i framsyninga, og med songinnslag av det meir tradisjonelle slaget, framstod juleprogrammet som ei fin blanding av nyskaping og kontinuitet.
Og som tradisjonen er på Nordbygda skule, avslutta ein programmet med at første klassen song første verset av ”Det lyser i stille grender”, og så slutta dei andre elevane og publikum seg til etter kvart som versa skreid fram.
Stor takk til flinke elevar, og til dyktige lærarar som hjalp til å få programmet vel i hamn.
|