Tlf. 56 16 64 00, e-post: nordbygda.sk@masfjorden.kommune.no - Rektor: Berit Lygre.
Nordbygda skule finn du på Hosteland i Masfjorden kommune. Like i nærleiken ligg Nordbygda barnehage. Skulen og barnehagen utgjer til saman Nordbygda oppvekstområde.
I same område finn ein og Nordbygda helsetun med lege, helsesyster og fysioterapeut.
Skulen er ein kombinert barne- og ungdomsskule. Skuleåret 2010/2011 har vi 85 elevar, fordelt med 47 på barnesteget og 38 på ungdomssteget.
Nordbygda skule har eit personale på til saman 27 personar, mange av desse i deltidsstilling. 16 er lærarar, 6 assistentar/ fagarbeidarar, 3 reinhaldarar, ein sekretær og ein bibliotekar. Dei to siste åra har ein og hatt lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Skulen har ei godt tilrettelagd og mykje brukt skulefritidsordning. Dette året er det 18 barn i SFO. Måndag og torsdag vert det gitt tilbod om leksehjelp for 1.-4. klasse. Dette er lagt til ein time etter skuletid, og vert gitt innan rammene for SFO.
Kvar onsdag er to grupper av elevar i den kommunale idrettskulen i sving, med born frå 1.-3. kl. i ei gruppe, frå 4.-7. klasse i den andre.
Masfjorden folkebibliotek er lokalisert til Nordbygda skule. Biblioteksjefen har 20 % av stillinga si som skulebibliotekar.
Satsingsfelt nummer ein for Nordbygda skule har i fleire år vore å utvikle eit godt elev- og læringsmiljø. Eit system med gode rutinar for elevvurdering det kvar elev får ei tett fagleg og sosial oppfølging, er viktigaste fundamentet her. Dei årlege sceneoppsettingane for bygdefolk, der ansvaret går på omgong mellom hovudtrinna, gir gode meistringsopplevingar og styrker fellesskapskjensla mellom elevane.
Eit godt og tett samarbeid med foreldre har også prega skulen dei seinare åra, både via FAU og i meir uformelle samanhangar.
Via m.a. partnerskapsavtalen satsar skulen bevisst på eit godt samarbeid med det lokale næringslivet, likeeins søkjer ein kvart år ein å få til ulike tiltak for barn og unge i samarbeid med lag og organisasjonar i bygda.
Tekst: Berit Lygre
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen