MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

Idrettsdag på Nordbygda skule

- Oppdat. 12.06.08 -

 

Bilde frå fotballkampen

 

Det er ikkje berre i Sveits og Austerrike det vert spela spanande fotballkampar for tida.

 

Torsdag 12. juni var det idrettsdag for elevane på ungdomstrinnet ved Nordbygda skule, og dagen vart krona med ein fotballkamp mellom elevar og lærarar. Blanda lag sjølvsagt - til dels høgst blanda!

 

Kampen bylgja fram og attende framfor eit til dels sterkt partisk publikum ( berre to turde å heie på lærarane ). Målsjansane var mange på begge sider, og eit sluttresultat på 5 - 5 var i grunnen noko alle - publikum inkludert - kunne sjå seg vel nøgd med. Og for ordens skuld: ingen brukte hendene på ureglementert vis, sjølv om biletet kan antyde noko anna........

 

 

 

Sportsreportar for høvet : Rune Garmann

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen