MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

Hoppande glade elevar på Nordbygda skule

- Oppdat. 18.04.08 -

 

Ivrig tauhoppar 1Jenter er mykje flinkare å hoppe tau enn gutar, er det nokon som påstår… Etter eit besøk på skuleplassen på Nordbygda skule denne veka, er det mykje som tyder på at denne påstanden må kjennast død og makteslaus. For kva ser ein? Jau, gutar som hoppar tau baklengs, som hoppar to og to i same tauet, som dansar medan dei hoppar, som hoppar på ein fot medan dei slenger armar og tau i kryss… Av og til hoppar ein klasse i takt under eit svært slengtau som vaksne sveivar, og rett som det er dukkar det opp nye variantar av hoppetauteknikkar som får forbipasserande til å måpe.

 

Kvifor denne hoppedilla? Når eg spør Ingebrigt og Øystein i 6. klasse, svarar dei slik: Det er fordi me kan vinne 7000 kr, og fordi me skal kome i betre form. Og så er det gøy, me får vere mykje ute.

 

Kontaktlærar i 5. klasse supplerer med formelle opplysningar: Det er Nasjonalforeningen for folkehelsen som er opptatt av skulebarna må kome seg i betre fysisk form, og helst ha minst ein time fysisk aktivitet kvar dag. Dei har laga eit undervisningsopplegg for mellomtrinnet som heiter ”Petter Puls”. I dette opplegget inngår det ein hoppetaukonkurranse der den klassen som kan dokumentere at dei har hoppa mest i løpet av 14  dagar, kan vinne ein premie. Det er ca. 90000 elevar over heile landet som er med, så her gjeld det å stå på for å hevde seg. Her hjå oss er det 5. og 6. klasse som deltek.

 

Men hoppar ikkje jentene, då? Jau, sjølvsagt gjer dei det, og det spørst om dei ikkje har lært gutane eitt og anna triks. Men det er no ein gong slik på Nordbygda skule i år, at i 5. klasse er det 9 gutar og ingen jenter, og i 6. klasse er det 7 gutar og fem jenter. Så utan ivrige og flinke gutar på laget, hadde ikkje jentene hatt så mykje å stille opp med.

 

Ivrig tauhoppar 2Med så stor iver som dei legg for dagen både gutar og jenter, hadde det vore kjekt om dei hadde nådd i ei premiering. Men premie får dei uansett: Sosialt samver og rikeleg med god trim i frisk luft. Og hoppetaua treng ein ikkje leggje vekk om konkurranseperioden er over!

 

 

 

 

 

 

Tekst : Berit Lygre

Bilete : Rune Garmann

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen