For tekst, sjå musepeikaren:

Veke 46 var dette skuleåret avsett som grunnskuleveke ved Nordbygda skule. Tema i år var ”Barn hjelper barn”, med andre ord ei veke der internasjonalt solidaritetsarbeid var sett i fokus. I løpet av denne veka fekk alle elevar lære om tilhøva for barn og unge i ein del av dei fattigaste landa i verda, i tillegg til at dei fekk vere med på å samle inn pengar til ulike skuleprosjekt i fattige land.
I år er det 20 år sidan FN sin internasjonale barnekonvensjon vart vedteken. Difor var det ekstra stor stas at vi som ei opning av grunnskuleveka fekk vitjing av representantar frå FN-sambandet sitt vestlandskontor. Kl. 08.45 måndag 9. november var alle elevar, lærarar og assistentar samla rundt flaggstonga ved skulen. Tre representantar for elevane, ein frå kvart hovudtrinn, hadde fått den store oppgåva å ta imot FN-flagget og vere med på å heise dette til topps som symbol på at Nordbygda skule no er ein FN-skule. Etter høgtideleg appell og ein liten tale, var det klart for ulike andre aktivitetar i regi av FN-medarbeidarane. Størst lykke gjorde nok den danseglade FN-filuren som vitja 1.-4. klasse. I tillegg til dansing og litt tull og tøys, fekk han på ein engasjerande måte fortalt barna om spesielt UNICEF sitt viktige arbeid.
Vidare denne veka var det i klassane ulike undervisningsopplegg knytt opp til temaet ”Barn hjelper barn”, både tradisjonell undervisning, film og ymse praktiske oppgåver. Ungdomstrinnet, som avslutta veka med Operasjon Dagverk, arbeidde i grupper på tvers av klassane. I tillegg til reint teoretiske oppgåver, fekk dei onsdag prøve seg på å lage fleire spennande rettar frå ulike land i Afrika. Eksotiske og uvante krydderlukter spreidde seg over skuleplassen og tirra smaksløkane til alle i området.
Onsdag 11.11. var i det heile den dagen då det meste skjedde. Føremiddagen var avsett til ”Skuleløpet”, ein aktivitet i regi av FORUT, solidaritetsaksjon for utvikling. Elevane hadde på førehand skaffa seg ”sponsorar” blant familie og andre i nærmiljøet, og fekk slik samla inn eit betydeleg beløp til bygging av skular i Namibia, Sierra Leone og Sri Lanka. Etterpå fekk elevane utfalde seg i ei aktivitetsløype laga til av lærarar ved skulen. Føremålet der var at små og store skulle samarbeide for oppnå gode resultat. Det var ein fryd å sjå og oppleve kor godt dette samarbeidet fungerte, ikkje minst kor flinke dei eldste elevane var til å oppmuntre og hjelpe dei yngste. Og etterpå kunne alle saman nyte ein god lunsj på musikkrommet, laga til av foreldre og ein av assistentane på skulen.
Medan småskule- og ungdomstrinnet leika og konkurrerte på idrettsbana, gjorde mellomtrinnet seg klar til den store generalprøven på musikalen ”Jungelboka”. Ivrige, engasjerte og kanskje litt engstelege barnehageborn og småskuleelevar fekk ære av å vere publikum, og dei vart skikkeleg imponerte!
Mektig imponert var og den fullsette salen seinare på kvelden då det var premiere og bygdeframsyning av det same stykket. Publikum gav spesielt ros til at alt var så gjennomført: skodespelarprestasjonar, musikk, lyd, lys, kulissar og kostymar. Og absolutt alle elevar hadde ei rolle, anten på scenen eller i orkesteret. Dagen etter var det skuleframsyning, der publikum vart utgjort av alle elevane ved Nordbygda skule og 1.-7. klasse ved Matre og Sandnes skular.
Fredag 13., då jungeleventyret var over, og mellomtrinnet kunne ta ein velfortent pust i bakken, stod småskuleelevar for eit lynlotteri på butikken, også dette til inntekt for FORUT. Velvillige loddkjøparar sytte for mange ekstra kroner til skulegong til barn i Asia og Afrika.
Mange ekstra arbeidstimar ligg bak eit slikt løft som grunnskuleveka er, både av elevar, lærarar og assistentar. Men veka hadde aldri kunne late seg gjennomføre utan det store foreldreengasjementet. Foreldra var med i alle ledd: I førebuing av veka, i gjennomføring av skuleløpet og aktivitetsløpet, med å lage til felleslunsj, med å sy kostymar, med å bake, ta billettar, med å stå for kafé i pausen, skaffe gevinstar til lotteri og mykje meir.
Med årets grunnskuleveke må vi kunne hevde å ha realisert det som er målet med grunnskuleveka: At alle partane i skulesamfunnet går saman om å få til positive aktivitetar, gode opplevingar og læresituasjonar som er litt annleis enn den vanlege skulekvardagen.
Om ikkje alle grunnskuleveker kan vere like innhaldsrike, må likevel intensjonen vere at eit slikt fellesløft må vi få til kvart år. Det kostar litt, både i form av planlegging og ekstra innsats, men det vi får att i form av gode opplevingar og fellesskap, gjer at det er vel verdt.
I skrivande stund har vi ikkje fått heilt oversikt over kor mykje pengar som er komne inn etter dei ulike aksjonane, men samla sett er det eit kjemperesultat, og dette anslaget er i alle fall ikkje langt frå realitetane:
Til FORUT (resultat av ”Skuleløpet” og lynlotteri): ca. kr. 18.700,-
Til Operasjon Dagverk: ca. kr. 7.200,-
Inntektene etter OD går i år til skulegong for funksjonshemma unge i Malawi, Mosambik, Sør-Afrika og Uganda.
Stor takk til alle som gjorde det mogleg for oss å ha ei slik flott veke og å sende avgarde eit så stort beløp!
Tekst: Berit Lygre
Foto: Nordhordland avis(øvst) og Rune Garmann
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Lovisa Midtbø
- Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen