Grunnskuleveka 2008/09 |
- Oppdat. 02.03.09 - |
Grunnskuleveka vert vanlegvis avvikla i november månad. I år valde Nordbygda skule å flytte arrangementet til februar. Grunnen til det var at FAU, lærarar og elevar hadde valt å ha
”vinteraktivitetar i friluft” som tema, og veka før vinterferien var plukka ut som aktivitetsveke.
Vestlandsvinter kan vere så mykje, og i planleggingsfasen var vi svært opptatt av at vi måtte slå til og utnytte snø og eventuelt berande is når tilhøva låg til rette for det, og ikkje vente til bestemte datoar. Og tidleg i februar var vi så heldige at vi fekk ei heil veke med fint ver og stabile snøforhold. Då bar det ut i naturen, - til skigåing, aking, forming i snø og faktisk, - for mellomtrinnet: matematikkens dag utandørs. Mykje aktivitet, glede og lærdom kom ut av desse dagane!
I den veka som var avsett som grunnskuleveka, var vergudane dessverre ikkje på vår side, i alle høve ikkje dei tre første dagane. Mellomtrinnet hadde likevel ei 3-timarsøkt i ”Trollskogen” med leik, bål og matlaging. På same måte hadde småskulesteget ein fin utedag torsdagen, då var veret litt trivelegare også.
Onsdag 25. februar var avsett til tur i Stordalen. Heile barnetrinnet for avgarde i innleigd buss. I Stordalen visste vi det var plenty med snø, men den dagen flytta jammen regnet etter oss heilt opp dit. Dei fleste var nok både våte og kalde då dei sat på bussen heimatt. Men kva gjer det for den som har våga å stå i det store trekket for første gong og kan kome heim og fortelje at ”No kan eg skri slålåm!” Alle elevar frå 3. klasse og oppover kunne vere i skitrekket. Dei yngste var stasjonerte ved NAF-hytta. Mange foreldre hadde meldt seg som ekstra hjelparar den dagen, og var med og sikra at det samla sett vart ein vellykka dag trass i surt ver.
Utruleg flott innsats av foreldra!
Den innsatsen som foreldre stod for på Nordbygda skule torsdag 25.02., trur eg ikkje det er mange andre skular som kan vise til. Komiteen for grunnskuleveka hadde bestemt at veka skulle avsluttast med eit arrangement der inntekta skulle gå til Leif Hæggernes sitt humanitære arbeid i Senegal. Kva kunne vere inntektsbringane tiltak ein slik kveld? Etter ein travel arbeidsdag kan det vere ganske hektisk å ta ut med smått og stort rett etter ein har fått i seg middagen. FAU fann då ut at dei ville tilby middag for sal til alle før programmet starta i gymsalen, slik at ein slapp middagslaging heime. Kjøttkaker til 200 personar vart steikte på førehand, og torsdag kl.10 troppa 4 foreldre opp og starta arbeidet med potet- og gulrotskrelling, koking av ertestuing og saus m.m. Seinare troppa nye foreldre opp med herlege kaker, slik at det etter hovudretten kunne seljast kaffi og kaker som ”dessert”. Loddsal i FAU sin regi stod og på programmet, slik at då ein seinare på kvelden talde opp inntektene, kunne ein notere kr. 12.500,- brutto.
Programmet etter middag og loddsal var det skulen som stod for, - enkelt og vel gjennomført av alle aktørar. 5./6. klasse sytte for eit gjensyn med eit sentralt utdrag frå ”Dyra i Hakkebakkeskogen”, 1.-4. klasse gav oss smakebitar av Astrid Lindgren – kabareten dei driv og øver inn, og Ørjan Valestrand utfordra eit elev- og eit foreldre lag i ein artig spørjekonkurranse med tema vintersport. Det heile vart avrunda med optimistiske vårsongar av mellomtrinnskoret, - før alle elevane fekk utdelt kvart sitt velfortente diplom.
Som ei slags oppsummering av årets arrangement kan ein seie at i år klarte vi verkeleg å realisere det som er intensjonen bak grunnskuleveka: Eit fellestiltak mellom heim og skule med fokus på eit viktig område i opplæringa av den oppveksande garde!
Tekst: Berit Lygre
Foto: Rune Garmann
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen