MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

Stor aktivitet i grunnskulevekene

på Nordbygda skule

- Oppdat. 25.04.07 -

 

Her ser ein Lasse og Emilie som malar ei ugle på døra

 

Alle på småskulen skal også lage eit bilde av seg sjølv - til å pynte plassen sin i gangen.  Her ser ei ryggen til Sander og Sunniva, vidare ser ein Sara og Gjertrud (litt bak), Laura Marie, Marita og Kathinka

 

Her ser du Gjertrud som held på å svi namnet sitt på eit skilt.  Skiltet skal hengje over knaggen hennar i gangen

 

Vegard lengst framme, Øystein, Jørgen og Adrian bakerst. Framme til høgre er Øyvind. Dei tovar ballar som me skal bruke til å lage ein ”slange” til å pynte i gangen

 

Å gå på stylte er gøy

Grunnskuleveka, som er eit fellestiltak for skule og heim, plar å vere fastlagt til veke 45. På Nordbygda skule valde småskule - og mellomtrinnet i år å leggje denne satsinga litt tidlegare på året. Grunnen til det var at ein ynskte å bruke denne veka til å starte på ei opprusting av uteområdet, og då vart det viktig å kome i gong før ettermiddagane og kveldane vart for mørke. Dei valde òg å satse på to veker for å få mest mogleg gjort, og slik var det vekene 43 og 44 som vart grunnskuleveker for oss i år.

 

Det var dei eldste av elevane, frå 5.-7. klasse, som arbeidde med utemiljøet. Og dei viste seg å vere ein svært dugande arbeidsgjeng! Saman med lærarane sine rydda dei i skogen rundt skulen, dei saga ned heile tre, dei kvista og kappa og drog stokkane saman i store haugar. Større tre tok lærarar med motorsag seg av. Kvist og smågreiner vart til fine bål på sure haustdagar. Seinare skal veden kløyvast, leggjast i la til tørking og til slutt seljast, med håp om god forteneste til klassekassane.

 

På småskuletrinnet føregjekk det meste inne. Korridorane på småskuletrinnet har lenge sett nedslitne og kjedelege ut, i stor kontrast til klasseromma som er både fargerike og koselege. Men no er det ikkje mange som kan vise til trivelegare gangar enn dei ein finn på småskuletrinnet på Nordbygda skule! Her har lærarar og elevar kost seg med å male dører og veggar i duse, harmoniske fargar, og etterpå har kvar dør fått seg eit flott dyremotiv. Det er også sett opp oppslagstavler, fine skilt i trolldeig og fleire hyller. På to av oppslagstavlene er der allereie laga flotte utstillingar.

 

Foreldra har ikkje vore minst viktige i dette arbeidet. FAU sette opp heile tre dugnadskveldar i løpet av desse to vekene, pluss laurdagen i den første veka. Sjølv om veret stort sett var elendig, var det bra oppmøte, og foreldra gjorde ein stor innsats både ute og inne, ikkje minst med å rusta opp ein del av leikeapparata ”på haugen”. For FAU var dette starten på eit større prosjekt der ein skal søkje om å få tildelt spelemidlar til nærmiljøanlegg. Noko av det mest populære foreldra klarte å få til i løpet av desse dugnadsøktene, var å lage to solide utandørs bordtennisbord. Dess kom opp til avslutningskvelden, og vart tatt i bruk med det same.

 

Torsdag 3. november var sett opp som avslutningsmarkering for prosjektet så langt. Og sjølv om ein då møttest på kveldstid, måtte ein sjølvsagt leggje opp til å prøve dei nye leikeapparata ute. Heller ikkje denne kvelden var vergudane på vår side. Men kva gjer det når ein berre er godt kledd og utstyrt med lommelykt, og postane i hinderløypa er merka med refleks? Å gå på stylter i mørkret går også fint, og det heile blir ikkje mindre kjekt når ein får servert varm kakao etter fullført løp! Dei som ikkje var opptekne med å finne postar i tussmørkret, kunne slå seg ned i småskulefløyen og spele spel eller berre gå rundt og beundre det fine arbeidet som var gjort i korridorane.

Kvelden vart avslutta med varm betasuppe og utdeling av premiar og diplomar for god innsats til alle elevane. Men avslutta er ikkje aktiviteten som denne satsinga har ført med seg: Knapt nokon gong har ein sett større aktivitet i det fine uteområdet rundt skulen vår: I hinderløypa på haugen, med sjølvproduserte stylter og ikkje minst ved bordtennisborda. Fotballen og kortstokken har fått konkurranse!

 

Kva ungdomstrinnet gjorde i sine grunnskuleveker? Det får dei høve til å fortelje om sjølve, men dei var ikkje mindre matnyttige!

 

 

 

Tekst: Berit Lygre

Foto: Kjellfrid Berge og Rune Garman (styltebildet)

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen