MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

Forut-aksjon 2008

- Oppdat. 29.05.08 -

 

Ivrige elevar syner fram noko av kafeutvaletI veke 21 jobba småskuletrinnet ved Nordbygda skule med Forut-aksjonen. Elevane fekk bli kjende med Vasana , som er ei jente som bur på Sri Lanka. Dei fekk sjå ein film om denne jenta, og jobba med arbeidsoppgåver knytt til temaet.

 

Tysdag i same veka hadde elevane kafé for heile skulen. Det gjekk unna heile 27 pizzaer dette matfriminuttet. 

 

Torsdag kveld var det familie som fekk komme på kafé.  Foreldra stilte med kaker til kaféen. 
I tillegg hadde me butikk der me selde Forut-varer.  Det var elevane som selde både i kaféane og butikken, og desse oppgåvene tok dei alvorleg.

 

Me fekk inn totalt kr  6700,-.  Kr  2890,- var sal av varer og kr 3810,-  på  kaféane. 
Overskotet frå årets aksjon går blant anna til å sette i stand leikeplassar for barn i slummen. 
Det skal byggjast barnehagar og foreldre skal få opplæring i barna sine rettar.

 

Me vil takke foreldre og elevar for innsatsen som gjorde at me fekk til ein vellykka Forut -aksjon. Tysdag i veke 22 avslutta me opplegget med besøk av Stian Rasdal som fortalde og viste bilete
frå Laos.  Han besøkte dette landet for ca ½ år sidan.

 

 

 

Tekst: Gerd Ingunn og Anne Marit

Foto: Anne Marit Palmer

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen