MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 01.12.10 -

Travel førjulskveld på Nordbygda skule

 

For bilettekst, sjå musepeikar:

Sjølvlaga pynt er flottast!

 

-“Kan eg få litt glitter?”
-“Kor vart det av saksa vår? Og kan du ikkje hjelpe meg litt med skjegget?”
-“Nei, no må me ha oss litt varm gløgg!”

 

Munter summing av lyse og mørkare stemmer, hovud bøygd over hovud, små og store fingrar lett klissete av lim, bitar av glanspapir flagrande i lufta, roleg julemusikk i bakgrunnen, forførande duft av kakao, gløgg og kaffi, - det er juleverkstad for 1.-4. klasse på Nordbygda skule.

 

På dei alle fleste skular rundtom er det tradisjon at foreldre møter opp på juleavslutning og ser sine håpefulle i aksjon med ulike program frå scena. Å arrangere juleverkstad på kveldstid der ein er avhengig av foreldrehjelp er forståeleg nok mange stader  noko tyngre å få til i ei travel førsjulstid. Men på Nordbygda skule seier foreldra sjølve: “Dette vil me!” Og ikkje berre foreldre, her sat eldre søsken, tanter, onklar og besteforeldre side om side med elevane, og alle såg ut til å kose seg like mykje. I år gjekk denne hendinga av stabelen frå kl. 17.30 til 20.00 måndag 29. november.

 

På heile tre klasserom var der ein storproduksjon av englar, nissar, julekorger, julelenker og mykje meir. Dersom aktiviteten vart for intens og ryggane altfor krumme, kunne ein rette seg opp, vandre litt rundt og prate og ta seg ei julekake eller to med god drikke til.

 

Gamle oppskrifter, unge bakarar

 

Ikkje berre dei yngste elevane var i sving denne måndagskvelden.  På skulekjøkkenet var produksjonsmateriala og reiskapane noko annleis; her gjekk det i mjøl, sukker, margarin, egg, mandlar og diverse andre godsaker. Kjevler og baketrinser vart svinga av 9. klassingar med foreldre, og jammen var her ikkje ein bestefar å observere òg. Etter kvart vart boksar og glas fylte med kakemenn, sirupssnippar, harde vaflar, brune pinnar og sikkert nokre andre kakeslag i tillegg. Av lærarkrefter var det berre rektor som stakk innom for å stille nysgjerrigheita si, for denne bakeverkstaden var eit reint foreldreinitiativ. Føremål: Å skaffe pengar til klassekassa. Og etter den gode lukta å døme, bør dette vere produkt som får bein å gå på på skulekorpset si julemesse søndag 05. desember.

 

Dette var dei yngste og nokre av dei eldste elevane på skulen. Kva med resten, dei midt imellom og resten av dei eldste, sat dei heime framfor pc’en, skal tru? Kanskje ein del av dei, men sidan det var måndag, var  mange å finne på basistrening i gymsalen. Her  er det Risnes idrettslag som har regien, men sjå om du ikkje også her finn barn side og side med foreldre, hoppande og sprettande, prustande og pesande. (Mest hopp og sprett i den yngre garde, meir sveitte og pesing jo eldre trimmarane er.) Enkelte vil kanskje peike på dette som ei viktig juleførebuing også: Jo sprekare og meir aktiv ein er, jo meir kan ein ta for seg av bordets gleder i jula…

 

Juleførebuing i heimane inneber mange og trivelege aktivitetar, men like viktig er det  å halde i hevd dei tradisjonane som inneber fellesskap og samarbeid som går utover det som skjer i eiga stove i adventstida. All  liv og røre og alle blide folka du traff  på Nordbygda skule denne kvelden er eit godt prov på det.

 

 

 

Tekst og foto: Berit Lygre

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen