MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

I godt ver og godt selskap

- Oppdat. 24.03.09 -

 

På veg til Markusdalen

Seinsommaren og hausten fram til no har vore prega av heller grått ver – med ein og annan kjærkomen godversdagen innimellom. Slike dagar er det viktig å ta vare på, så då verprognosane for tysdag 4. september såg bra ut, beslutta elevar og lærarar ved Nordbygda skule å nytte denne dagen til å ta seg ein fellestur.

 

Turen gjekk frå Sleire og innover i Markusdalen – eller kanskje ein heller skal seie at det var frå Sleire at alle gjekk i samla flokk. For dei fleste hadde turen starta tidlegare på dagen, på sykkel. Dei som hadde lengst veg, hadde sykla vel halvanna mil før fotturen byrja.

 

Frå Sleire og inn i Markusdalen er det ein fin turveg, og landskapet rundt er vakkert. Så det gjekk greitt å gå innover i dalen, og det var kjekt å kunne ta ein liten kvil i lyngen og berre la augene nyte naturen ikring. Og vel framme kunne ein finne fram mat og drikke og få ei triveleg stund ved bålet. Svartgrilla pølser er faktisk ikkje så verst turmat!

 

Og så var det retur til fots fram til Sleire, før det var å hive seg på sykkelen for å kome heim. Slike dagar vert ein sprek og glad av!


Pølsegrilling i Markusdalen


Tekst : Rune Garmann

Bilete : Anita Hjartholm

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen