

|
I haust vart delar av området kring Nordbygda skule rydda for skog. Noko av trevyrket skal nyttast til å lage utemøblar av, medan ein god del av det som vart felt, er prima ved. Men då må veden kappast, kløyvast og pakkast i sekk, og laurdag 25. mars hadde mellomtrinnet dugnad med elevar, lærarar og foreldre.
Ein solid arbeidsgjeng møtte opp, og med tre traktorar, fleire motorsager, ei kappe- og kløyvemaskin samt eit stort antal arbeidsvillige hender av ulik alder og storleik, vart all veden kappa og kløyvd, og mykje av han lagt i sekk og boren under tak.
Det var ei triveleg stund for alle – det er hugnad i dugnad – og når veden ein gong vert omsett, vil inntektene frå innsatsen gi eit kjærkome tilskot til klassekassane. |