![]() I samband med at Nordhordland og Gulen Interkommunale Brannvern (NGIB) årleg held brannvernkurs for alle sjetteklassingane i distriktet, innbyd dei til ein konkurranse i å lage ei formingsoppgåve knytt til emnet. Premien er ein dagstur til Bergen. I år vann elevane frå Nordbygda konkurransen, saman med sjetteklassingane på Brekke, Manger og Myking skular, og torsdag 15. mai reiste 50 glade sjetteklassingar og lærarane deira til den nye brannstasjonen i Bergen, der dei fekk sjå kva brannfolka i byen driv på med.
Dei fekk omvisning på brannstasjonen, dei fekk vere med å køyre veteranbrannbil, fekk ein tur på Puddefjorden i brannvesenet sin redningsbåt, samt ein støvfylt og humpete og svært spanande tur med brannkorpset sin firhjulte motorsykkel, som vert nytta når ein må frakte materiell ut i terrenget, til dømes ved lyng- , gras- og skogbrannar.
Etterpå var det pizza og brus i kantina, før kursen vart sett mot Vil Vite-senteret. Her var det høve til å aktivisere seg med ulike apparat som viste fysikk i praksis, før ein vart samla til eit lite kurs om brann og ulukker knytt til elektriske anlegg.
Det var ein rimeleg utmatta gjeng som seig ned på seta i bussen som tok dei attende til Knarvik. Og som det heiter seg i einkvar skulestil med respekt for litterære konvensjonar og språklege tradisjonar: Alle var samde om at det hadde vore ein gild tur!
Stor takk til NGIB ved Leif-Atle Træland for ein fin og lærerik dag!
Tekst og bilete : Rune Garmann
|
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen